SE OGSÅ: |
LYD OG VIDEO |
Hjelp | Mer lyd og video |
ALT OM: |
Utsendingar frå Nye Kripos var søndag i gang med tekniske undersøkingar på Geilo samtidig som lokalt politi foretek vitneavhøyr.
Den døde kvinna er sendt til Rettsmedisinsk institutt og kjem til å bli obdusert måndag.
Den estiske mannen som er pågripen i saka er så langt sikta for valdtekt av venninna til den døde. Mannen blir avhøyrt søndag på politistasjonen i Hønefoss, og desse avhøyra vil avgjere om siktinga blir utvida, seier lensmann i Hol, Torstein Seim.
Den døde kvinna arbeidde ved Bardøla Høyfjellshotell på Geilo, medan den sikta mannen arbeidde ein annan stad i Hallingdal. I følgje lensmann Seim har dei to blitt kjente her i landet.