Hopp til innhold

Truleg påkøyrd etter nokon trassa raudt lys

Like ved Kolsås T-banestasjon vart eit barn i dag påkøyrd av ein buss. Det var ei jente i starten av tenåra som vart skada og frakta til akuttmottaket ved Bærum sjukehus. Jenta var medviten då ho vart frakta bort.

Nøyaktig kva som har skjedd er ikkje klart enno.

– Men det har skjedd i eit lyskryss, så vi mistenker at ein av partane har trossa raudt lys, seier operasjonsleiar Vidar Pedersen.

Politiet arbeidar med avhøyr, både av vitnar og etter kvart dei som var involvert.

Det er fleire barn som kryssa vegen saman med jenta, som er fysisk uskadd, men som er skaka av hendinga. Desse barna får oppfølging ved Bærum legevakt.

Knust bussrute etter jente vart påkøyrd i ved Kolsås stasjon Bærum.
Foto: Rushda Syed / NRK