Hopp til innhold

Betre for klimaet å pusse opp gamle hus

Trine Andersen og Amund Leinaas har brukt dei siste seks åra på å renovere ein over 100 år gammal villa. No vil regjeringa at fleire skal gjere som dei.

Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.

Trine Andersen og Amund Leinaas kjøpte den over 100 år gamle villaen i 2015.

Foto: Vilde Jagland / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Rehabilitering av bygg påverkar miljøet halvparten så mykje som å rive og bygge nytt. Gjenbruk av bygningar vil difor vere eit avgjerande bidrag i det grøne skiftet. Det seier ein rapport frå SINTEF som kom i 2020.

Men slik det er no, er det ikkje nødvendigvis økonomisk lønsamt å sette i stand gamle hus.

Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.
Dei fall for sjela til huset.
Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.
Og detaljane.
Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.
Dei ville ta vare på historia.
Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.
Men Trine og Amund har også gjort det som er mest klimavenleg.

Miljøbevisst

Dei kunne valt å kjøpe noko kliss nytt. Men det var noko med den gamle villaen i Drammen Amund og Trine fell for.

Det har rett nok ikkje vore beint fram. Då dei flytta inn var det kaldt. Så kaldt at tulipanane dei kjøpte vart ståande i is.

– Og viss det regner mykje, må me sette ut bøtter tre plassar fordi det regner inn, smiler han.

Han snakkar varmt om restaureringsmetodar, linoljemåling og trefiberisolasjon. Amund har sett seg godt inn i kva det vil seie å sette i stand eit gamalt hus. Ingenting er gjort halvvegs. Dei har tatt vare på alt dei kan.

Akkurat det har kosta både tid og pengar, men har nok også vore det beste for miljøet.

– Me tenkte ikkje på at det var mest miljøvenleg å sette i stand eit gamalt hus då me kjøpte, men det er absolutt ein bonus for oss. Me prøver å vere miljøbevisst og har difor vore oppteken av det då me pussa opp, seier Leinaas.

Lønner seg å rive

– Me må redusere ulempa, for i dag lønner det seg å rive alt og bygge nytt.

Orda kjem får klima- og miljøminister Espen Barth Eide. Han vil gjerne at fleire skal gjere som Trine og Amund.

– Bygg- og anlegg står for ganske store utslepp og alvorlege naturinngrep. Viss ein kan bruke det ein har frå før om att, er det nesten alltid betre enn å bygge nytt.

Barth Eide ønsker å gjere det lettare for bustadkjøparar og byggebransjen å ta vare på det me har. Mellom anna ved å gjere det billigare å bruke materialar om att.

Klima-og miljøminister Espen Barth Eide.

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide har restaurering av gamle bygg høgt på prioriteringslista.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Dette er eit felt eg kan love at me kjem til å jobbe mykje med. I dag har me ikkje ordningar som gjer dette mest lønsamt økonomisk, men det er ting eg ser på med kommunal- og moderniseringsministeren.

Det står rett nok ikkje berre på bustadkjøparane. Også det offentlege må gå føre som eit godt døme.

– Då vil også kunnskapen blant handverkarar auke. Det er ein heil verdikjede og den kan bidra til å skape fine byrom, men også få ned utslepp og forbruk av natur.

– Så dette vil du sette høgt på din prioriteringsliste?

– Ja. Bygg og anlegg er viktig om me skal nå klimamåla – og det har vore litt forsømt. Det er store utslepp i dag, men også eit stort potensial til å kutte utsleppa.

Stor verdi

Men huset er solid. Det har stått der i 100 år allereie. Leinaas og Andersen tippar det kjem til å stå i minst 100 år til. Såleis har strevet vore verdt det.

Trine Andersen og Amund Leinaas har sett i stand eit gamalt hus.

Trine og Amund har fått god rådgjeving av handverkarar undervegs i prosessen.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Ein kan jo kjøpe seg noko som er mykje enklare, men med litt engasjement for gamle hus, kjem ein langt. Det finst nokon gode støtteordningar som me enda ikkje har nytta oss av, men det skal me gjere, seier Leinaas.

Han synest fleire burde sette i stand gamle hus – og at myndigheitene burde legge meir til rette for det.

– Me må sette i stand dei gamle husa me har i staden for å rive dei. Det har ein stor verdi. Då er det viktig at me har gode ordningar som sikrar at me får det til, for det kostar litt meir – og det må bli kompensert for.