Hopp til innhold

Trafikkulykke med UTV i Ål: Mann i 20-åra omkom

Ein passasjer i køyretøyet skal vere fysisk uskadd etter ulukka.

Patruljar frå politiet, ambulanse, luftambulanse og brannmannskap rykka i ettermiddag ut til ei alvorleg trafikkulykke i nærleiken av tettstaden Torpo i Ål kommune i Hallingdal, opplyser operasjonsleiar Jan Kristan Johnsrud i Sør-Aust politidistrikt.

– Vi fekk beskjed om at køyretøyet hadde gått rundt og hamna på taket og at ein person var alvorleg skadd. Ambulansen og luftambulansen kom først og dreiv livreddande førstehjelp ei stund, men mannen var så hardt skadd at han no er erklært død av lege på staden, seier han.

Ein passasjer som og var i UTV-en skal vere fysisk uskadd etter ulukka. Mannen som døde, var heimehøyrande i området.

– Det er ei tragisk ulykke, seier Johnsrud.

Ein UTV- er eit firehjulsdrive terrengkøyretøy med tak.

Køyretøyet vil bli undersøkt av ulykkesgruppa til Vegvesenet. Ulukka skal ha skjedd på ein grusveg som går opp til eit fjell i området.

– Detaljane om ulukka er noko vi må komme tilbake til etter at vi har fått gjort undersøkingar på staden, seier Johnsrud.

Pårørande skal vere varsla om dødsfallet. Ål kommune sitt kriseteam er varsla om ulukka og hjelper familien.

Ordførar Solveig Vestenfor seier det er ei forferdeleg trist hending.

– Det er ufatteleg trist det som har skjedd. Spesielt på ein dag som denne. Det er ei påminning om kva som er viktig her i livet. Eg tenkjer på dei nærmaste som er ramma av denne tragedien, seier ho til NRK.

– Eg veit foreløpig lite om det som har skjedd. Det viktigaste er at vi no tar vare på dei aller nærmaste.