Hopp til innhold

Tørka gjev bønder psykisk knekk

Bondelaget i Buskerud blir nedringt av bønder som treng å snakke. Dei fryktar at mange kjem til å gå på ein psykisk smell av å sjå livsverket tørke inn.

Deppa bonde

Truls Ødegaard er redd han kan gå på ein psykisk smell etter den svært dårlege avlinga. Bonden tapar over ein halv million kroner på tørka.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Det er beinhardt, men om ein sett seg ned for å deppe nå er det køyrt. Den psykiske knekken kjem til å kome når dette er over. Den blir nok tøff å handtere, seier Truls Ødegaard, bonde i Modum.

Han er ein av mange fortvila bønder, bondelaget i Buskerud dagleg får telefonar frå. Dei er bekymra for korleis ekstremtørken vil gå utover psyken til bøndene rundt om i landet.

Brune åkre

Åkrane til Truls Ødegaard i Modum ligg der brune og livlause. Det er mange vanskelege val som må takast nå, fortel Ødegaard.

Foto: Truls Ødegaard / Privat

Kjenner seg makteslause

– Det er klart det er tøft psykisk å sjå på at alt ein har lagt ned av arbeid og kroner, berre står rundt på jorda og døyr. Anten det er snakk om korn, grønsaker eller gras, seier Egil Christopher Hoen, leiar av Buskerud Bondelag.

Mange av gardane må slakte store delar av besetninga.

Det kan gå på helsa og psyken laus.

– Definitivt. Mange kjenner seg makteslause i ein krevjande situasjon. Dei tenkjer på dei økonomiske konsekvensane og verdiar som forsvinn. Mange må slakte ned dyr dei har eit forhold til, seier HMS-koordinator i Norsk Landbruksrådgjeving, Halle Arnes.

Bonde Reidun er fortvila

Opp til knea skulle Reidun iallfall hatt graset nå i juli. Nå må ho mest sannsynleg redusere besetninga på 65 ammekyr alt i haust.

Foto: Privat

Kjem til å merke det i fleire år

På garden på Drolsum i Modum, har Truls Ødegaard ammekyr, sau og korn. Til nå er han sikker på at han har tapt ein halv million kroner på den dårlege avlinga, meir kan det bli. Det vil ta tre til fem år og få ei like stor besetning igjen, sidan han ser seg nøydt til å slakte ein tredel av stambesetninga.

– Det er ikkje noko behageleg kjensle, ein må berre stenge det ute når ein begynner å føle på det. Eg kan ikkje kome midtvinters å vere tom for fôr.

Reidun Weum i Skotselv driv også med kjøtproduksjon og har like få lyspunkt om dagen. Ho har full forståing for bønder kan få psykiske problem i ein situasjon som er så tøff som nå.

– Me snakkar jo ikkje om stort anna om dagen. Ein klarer ikkje å ta det heilt innover seg, men me ser jo nå at situasjonen er ille.

Må ta vare på heile mennesket

I mange fylke er det krisemøte med mellom anna bondelag, Tine og Nortura om dagen. I Buskerud arrangerer dei møter neste veke der bønder skal få rad om korleis skadane kan bli avgrensa. På slike møte blir det viktig å delta fortel Arnes.

Halle Arnes

Halle Arnes i Norsk Landbruksrådgjeving

Foto: Privat

– Det blir viktig for oss å ta vare på heile mennesket framover. Me vil prøve å stille opp etter beste evner. For mange er det eit einsamt yrke og ein treng nokon å prate med, seier Arnes.