Hopp til innhold

Redd pandemien kan føre til at fleire droppar ut av skulen

Tiandeklassingar får ikkje besøkt dei vidaregåande skulane.

Tre tiandeklassingar ved Børresen ungdomsskule

Andrea Hordvik, Oskar Evensen og Solveig Valset er bekymra for at dei skal velje feil studieretning.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

– Det er eit ganske stort val. Kva vidaregåande du vel, kan ha mykje å sei for kva du kjem til å jobbe som når du blir vaksen, seier Andrea Hordvik ved Børresen ungdomsskule.

Ho er ein av tiendeklassingane som skal finne ut kva studieretning og vidaregåande ho vil søke på denne hausten og vinteren.

Tiandeklassingar ved Børresen ungdomsskule

Tiendeklassingane er redde fleire kjem til å droppe ut av skulen.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

Normalt vil tiandeklassingane få moglegheit til å gjere seg kjent med dei ulike studieprogramma og skulane gjennom hausten. Nokre har praksisdagar hos ulike vidaregåande skular, medan andre har messer der skulane blir presentert.

NRK har sjekka med fleire fylke, og dei fleste seier at desse tilboda er avlyst eller blir løyst digitalt grunna pandemien.

Det har gjort at mange ungdomsskuleelevar no er redde for å velje feil studieretning på vidaregåande.

– Når ein ikkje får besøkt dei vidaregåande skulane, er det og vanskeleg å få eit innblikk i kva ein går til, seier Hordvik.

Andre moglegheiter

Elevane me har snakka med, seier dei er redde for at det kan bli fleire som droppar ut av skulen, som følge av dette.

Direktør for Kompetanse Norge, Sveinung Skule

Direktør for Kompetanse Noreg, Sveinung Skule, seier ein har andre alternativ før ein bør vurdere å droppe ut.

Foto: Kompetanse Norge

– Personleg er eg ikkje redd for å velje feil og droppe ut, men risikoen er at andre elevar kan miste motivasjonen fordi dei har valt feil, seier Oskar Evensen, som har bestemt seg for å søke på studiespesialiserande i Drammen.

At elevar er usikre kan gi ein auka risiko for at dei ikkje fullfører skulegangen sin, ifølge direktør i Kompetanse Noreg, Sveinung Skule. Men han poengterer og at ein har mange moglegheiter før ein burde vurdere å droppe ut.

– Det går an å gjere omval, som er eit betre alternativ enn å droppe ut av vidaregåande. Og så er det og mogleg å fullføre vidaregåande seinare, om det verste skulle skje og ein droppar ut.

Gjer det dei kan

Karriererettleiar ved Børresen ungdomsskule, Gro Eli Jetsmar, seier dei har eit fag som heiter utdanningsval på timeplanen, og at ein kan sjå på dei ulike skulane sine nettsider for å lese om tilboda deira.

Gro Eli Jetsmar, karriereveileder på Børresen skole

Karriererettleiar Gro Eli Jetsmar, seier skulen bruker internett for å sjå kva moglegheiter det er.

Foto: Ida Gjellerud / NRK

– Dette er ugunstig, men det er jo ikkje nokon si skuld. Me må berre gjere det beste me kan, med det me får til.

Solveig Valset skal og finne ut kva ho ynskjer å søke på.

– Eg har vurdert å søke på musikklinja ved St. Hallvard, men er litt redd det skal vera veldig mykje studiespesialiserande. No veit eg ikkje korleis det er, eller korleis musikklinja der er lagt opp.