– Etter at eg hadde klipt meg kom det ei dame bort og sa at no ville sonen hennar òg spare ut håret sitt. Så det er kult at eg kan inspirere andre til å gjere det same, seier Theodor Myhrstad.
Den 12 år gamle Asker-guten donerte nemleg håret sitt i helga.
Då arrangerte Barnekreftforeininga Løp for meg for sjette år på rad. Eit av desse løpa skjer på Hvalstrand.
– Det var ikkje planen å donere det fyrst, men eg og mamma prata meir og meir om det. Så kom dette løpet, og vi tenkte det ville bli ei kul greie. Å lage litt show av det.
Theodor (12) har latt håret vekse sidan 2019.
Foto: Therese MyhrstadSkal bli parykkar
September er Den internasjonale Barnekreftmånaden.
Annankvar dag får eit barn under 15 år kreft i Noreg. Ifølge Barnekreftforeininga overlev fire av fem barn, men likevel er kreft den hyppigaste dødsårsaka blant barn i landet.
Cellegift og strålebehandling, som brukast til å behandle kreft, kan gjere at pasientane mistar håret.
Derfor er det mange som ynskjer å bruke parykk, og til det trengst det hår.
Håret må vere minst 25 centimeter langt for å kunne bli donert.
Foto: Therese MyhrstadEit førebilete
Da Theodor byrja å spare ut håret sitt i 2019, var planen eigentleg ikkje å donere håret.
– Han syntest det var litt kult å ha langt hår. Men så såg han på TV at nokon gjorde noko liknande, og ville gjere det same, fortel Therese Myhrstad, mammaen til Theodor.
Mamma Therese Myhrstad og Theodor, like etter at han klipt håret.
Foto: Therese MyhrstadOg da dei såg at det skulle arrangerast eit løp til inntekt for kreftsaka, tenkte dei at det var ein god dag å gjere det på.
– Han ville spreie informasjon om at ein kan donere håret, og sette fokus på innsamlinga, seier ho.
Og det var mange som la merke til at lokkane falt.
– Fleire kom bort og sa at det var kult, og at eg var eit godt førebilete, fortel Theodor.
Theodor seier at dersom ein ynskjer å hjelpe ein god sak, er å donere hår ein fin ting å gjere.
Foto: Therese MyhrstadOg no er hår-kvardagen noko anna enn før. Mindre shampoo, ingen behov for hårstrikk.
– Det er mykje enklare! Eg skal spele ein fotballkamp seinare, så det blir gøy å sjå om det kjenst veldig annleis.
– Skal du spare ut håret for å donere det ein gang til?
– Det har eg ikkje tenkt på eigentleg. Kanskje eg gjer det ein gong til i framtida? Vi får sjå!