Hopp til innhold

Rekkeviddeangst? Test av elbilar på vinterføre

Kor lenge kan du stå i kø med elbilen før batteriet går tomt? Ganske lenge, ifølgje elbilforeininga.

Sjå for deg fylgjande scenario: Det er bitande kaldt og du skal over Rv7 Hardangervidda med elbilen din. Det er uvêr og du må vente på kolonne.

– Diesel- eller bensinbilar kan til nød etterfylle ved krise. Det er verre med elbilar.

Det sa fylkesberedskapssjef i Agder, Yngve Årøy, etter at det i desember braut ut kaos på E18 ved Tvedestrand.

Då køyrde fleire store vogntog seg fast. 2500 bilar vart ståande timevis i kø og fleire elbileigarar gjekk nesten tom for straum på bilen.

Blir du stressa av tanken? Det treng du ikkje nødvendigvis å vere, skal me tru elbilforeininga.

Testa elbilar

Dei har testa seks elbilar i årets store vintertest på Tisleifjorden i Gol. Mellom anna har dei sett på kor lenge ein elbil kan stå på tomgang i til dømes kø eller kolonne.

Testansvarleg Ståle Frydenlund i interesseorganisasjonen Norsk Elbilforening forvarmar ein elbil til 21 grader. Då vil den typisk trekke mellom 1,5 og 2 kilowattimar per time, seier han.

Ståle Frydenlund_01

Ståle Frydenlund er testansvarleg i Norsk Elbilforening.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Denne bilen har ein batteripakke på 66 kilowattimar, så då kan me berre gjere matten. Det betyr at bilen i prinsippet kan stå i 30–45 timar avhengig av kor varmt det skal vere. Så er spørsmålet kor langt ein skal køyre i tillegg til det, seier han.

Varmeelementet i elbilen fungerer ganske likt som ein panelomn, forklarar han. Når bilen fyrst er varm, kostar det lite batterikapasitet til å halde på denne varmen.

– Det er også forklaringa på at elbilen då toler å stå lenge stille viss den har stor batteripakke. Då kan du vente på ein kolonne til dømes når det er mykje snø og kaldt.

Vintertest, elbil

Test av elbilar i Gol.

Foto: Caroline Utti / NRK

Toler meir vinter

Etter ruskevêret og trafikkaoset på E18 ved Tvedestrand i desember, uttalte fylkesberedskapssjef Yngve Årøy at «at elbileigarar måtte tenke seg nøye om før dei la ut på vegen i slikt vêr».

Beredskapsansvarlig hos Statsforvalteren i Agder, Yngve Årøy.

Fylkesberedskapssjef i Agder Yngve Årøy.

Foto: Privat

– Elbil-sjåførar bør vere nøyere enn andre med å sjå an værmeldingen, sa Årøy til NRK.

Dette er ikkje Frydenlund heilt samd i.

– Det kjem an på kva slags elbil du har. Det kan nok stemme for elbilar med kort rekkevidd. Men brorparten av bilane i dag er moderne med større batteripakker. Dei toler meir vinter enn elbilane frå tidlegare. Om du førebur deg litt på vinteren med den elbilen du har, så får du faktisk ganske god rekkevidd.