Naudetatane rykka tidlegare i dag til Bøler i Oslo etter melding om at ein ung gut hadde fått eit flytande stoff på armen, og blitt uvel av dette.
Guten tok sjølv kontakt med politiet i 16-tida, og forklarte at det kunne vere eit svært giftig stoff.
Han er no sikta for å ha utsett allmenta for fare, informerer politiet.
I ei pressemelding opplyser Oslo Politidistrikt at den sikta er sikta for omgang med eit farleg stoff som kan medføre skade.
– Politiet har fått gjennomført eit innleiande avhøyr av den sikta, seier kriminalleiar Eivind Håndstad i oslopolitiet natt til fredag.
Den sikta ligg no til observasjon på sjukehus. Politiet vil ikkje kommentere om den sikta er kjend for dei frå før av eller ikkje.
Innsatsleiar Tore Barstad opplyser samstundes om at helsetilstanden til tenåringen skal vere god.
– Det er snakk om lettare skadar på ein arm, men den blir berre observert, ikkje behandla, seier han.
Det vart full utrykking til Bøler tidlegare torsdag.
Foto: Terje Bendiksby / NTBEit livsfarleg stoff
Tidlegare sa politiet at dei er usikre på kva som har vore føremålet med dette.
Tre personar vart henta ut av leilegheita kor stoffet vart funnen.
Barstad seier dei har gode indikasjonar på kva for stoff det er snakk om.
– Men me ynskjer ikkje å gå ut med det no. Det er etterforsking som skal gjennomførast og den sikta skal bli avhøyrd, seier Barstad.
– CBRNE-senteret på Ullevål, saman med kommuneoverlegen, må gje oss nokon faglege råd på kva som er den mest fornuftige vegen å gå vidare, seier Barstad til NRK.
Det var full utrykking til Bøler tidlegare torsdag grunna meldingar om funn av eit giftig stoff.
Foto: Terje Bendiksby / NTBTidlegare fekk politiet utført ein hurtigtest for å sjekke kva stoffet kunne vere. Det dei har gjort funn av er livsfarleg, legg innsatsleiaren til.
– Ein kan døy av det.
Mari Asphjell Bjørnaas, fungerande leiar for CBRNE-senteret, bekreftar til NRK at dei assisterer politiet i saka.
– Senteret er involvert som rådgjevarar ved hendinga på Bøler i dag. Me samarbeider godt med innsatspersonell som handterer hendinga, samt gjev råd om handteringa.
Har teke beslag på staden
Politiet har teke beslag på staden, som er sendt vidare til Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) for undersøking og analyse.
– Laboratoriet er ei teneste sivile aktørar, som for eksempel politiet, ved behov kan nytte, seier kommunikasjonsrådgjevar i FFI, Katinka Brattberg.
Dagbladet skriv at politiet har fått eit positivt svar på ein hurtigtest dei sende til laboratoriet tidlegare i kveld.
– Me har fått indikatorar på at hurtigtesten som gjer at me ikkje tek ned nokon tiltak per no, seier han til avisa.
Innsatsleiar Tore Barstad.
Foto: NTB– Dette får du ikkje kjøpt lovleg
Politiet seier dei no ynskjer å få ein fullstendig forklaring frå den sikta. Om det blir mogleg å gjere i kveld, er ikkje sikkert.
– No er det ikkje heilt praktisk gjennomførbart, sett at han er under tilsyn av helse, seier Barstad.
På spørsmål om stoffet er blitt framstilt i leilegheita, svarar politiet ja.
– Ja, slik forstår vi det og. Dette får du ikkje kjøpt på lovleg vis i butikk. Dette er eit giftig stoff, og kva det kan brukast til sett berre fantasien grenser for. Om det finst eit motiv som er fornuftig å følgje jobbar vi med, seier innsatsleiar Tore Barstad.
Politiet er i ein dialog med PST, som er varsla om hendinga.
Naudetatane på staden spyla kvarandre etter å ha vore inne i leilegheita.
Foto: TipserIkkje fare for andre
Politi og brannvesen har undersøkt leilegheita, og tre personar har blitt sjekka av helsepersonell.
– Det er vurdert at det ikkje er fare for andre i nærleiken, skriv politiet på Twitter. Dei legg til at tiltaka dei har starta er i tråd med dei resultata dei har fått på foreløpige testar.
Politiet har og vurdert at det berre er sjølve leilegheita dette har skjedd i som må bli klarert.
Klokken 23 kan naboer på Bøler igjen bevege seg som normalt etter gifthendelsen.
– Vi er ferdige med saneringen i fellesarealene. Det betyr at øvrige beboere og naboer kan bevege seg som normalt, sier operasjonsleder Bjørn Gunnar Nysæther i Oslo politidistrikt til NTB.
Leilegheita der stoffet vart funne blir det framleis jobba med utover kvelden.