– Når linje 4 no kjem tilbake vil det vere færre som skal byte frå bane til buss på Helsfyr, seier Øystein Dahl Johansen, pressetalsmann i Ruter.
Håpet er at det vil lette på kollektivkaoset som har vore på Helsfyr i Oslo den siste veka.
Der er T-banelinjene 2, 3 og 4 som er stengt auststover, og sjølv om Ruter har sett inn ekstra bussar har det ikkje fungert som planlagt.
Titusenvis av reisande tek T-bana her kvar dag, og mens ein avgang med T-bana kan ta 1000 menneske, er det berre plass til rundt 100 på de største bussane.
Mange har derfor brukt mykje tid på å stå i kø for å kome inn på bussen, og bussane bruker ekstra tid på å stå i kø i trafikken.
Linje 4 opnar igjen tysdag
Etter å ha vore stengt i 18 dagar opnar linje 4 igjen 30. mai.
– Da vil det vere færre som skal bytte frå bane til buss på Helsfyr, seier Dahl Johansen.
Pressetalsmann i Ruter, Øystein Dahl Johansen, seier det vil bli ei forbetring for dei reisande når linje 4 opnar på tysdag.
Foto: Hallgeir BraastadRuter vil likevel framleis ha vektarar og vere tilgjengelege med informasjon i området.
Det vil òg bli nokon endringar for bussane som køyrer frå og med tysdag.
Den største endringa er for dei som skal reise til Mortensrud. Dei kan ta T-banelinje 1, 2, 4 til Ryen, og deretter linje 71 A og B som vil køyre direkte på E6.
– Det vil vere den aller kjappaste måten å kome seg heilt sør langs linje 3 på. Det er mange reisande som bruker dei T-banelinjene, så det vil bli ei kraftig forbetring for ganske mange, seier Johansen.
På Helsfyr har dei reisande venta lenge på bussane.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK– Vi oppfordrar reisande til å vurdere alternative reiseruter og bruke sykkel dersom dei kan. Det har vore utfordringar med veldig mykje biltrafikk på Helsfyr, som har gjort det vanskeleg for bussen å kome tilbake dit og køyre ei ny runde, seier Johansen.
Ifølge Johansen er noko av utfordringa at mange reiser på same tid når dei skal heim frå jobb. Han oppfordrar derfor også bilistar til å velje andre vegar enn via Helsfyr.