Hopp til innhold

Stress gir seigt pinnekjøtt

Slakteriet på Gol i Hallingdal har innført avstressingsmetodar for å unngå det seige kjøttet som kjem av at sauene er stressa før slakting.

Pinnekjøttproduksjon

Her blir gourmetkjøtt av lam tilberedt.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Marius Leikvold

Avdelingsleder Marius Leikvold har utvikla metodar for å unngå at sau blir stressa.

Foto: Gunnar Grimstveit / NRK

Stress hos sau og lam øydelegg kjøttkvaliteten. Kjøttet vert rett og slett seigare av at dyra er urolege rett før slakting.

Ved Norturas slakteri på Gol i Hallingdal har dei difor utvikla metodar som skal hindre stress i denne kritiske fasen for dyra.

– Det er viktig at dyra er rolege, og det er minst like viktig at dei som jobbar med sau og lam også er rolege. Dyra vert påverka av menneskets åtferd, seier avdelingsleiar ved slakteriet Marius Leikvold.

Ekstra nøye i pinnekjøttsesongen

Slakteriet på Gol produserer store mengder pinnekjøtt kvart år. I førjulstida er dei derfor ekstra nøye med å sørgje for at dyra er så rolege som mogleg. Når dyret kjem i ein stressituasjon trekkjer muskelfibrane seg saman. Det fører til dårlegare kjøtt.

– Når ein sau eller eit lam kjem får beitet og blir jaga rundt, kan det hende at dyret vert stressa. Det går ut over energireservane i kjøttet, og då har ikkje lammet så mykje å gå på når det kjem til slaktaren. Dersom ein då kan få roa lammet på slakteriet, går det ikkje ut over kvaliteten på maten, seier forskar ved Nofima, Oddvin Sørheim.

Endra rutinar

Når ein sau eller eit lam skal på slaktebenken må også ulla klippast. På slakterianlegget i Hallingdal har dei endra på rutinene når det kjem til saueklypp.

– Nå gjer vi det etter at dyra er avliva. Det er også med på å redusere stresset for dyra, seier fabrikksjef Ingrid Hillestad Medhus.

Kan ikkje bruke stressa lam

Slakteriet produserer pinnekjøtt av gourmetlam frå Hallingskarvet. Dersom dyra hadde blitt stressa før slakting, kunne dei ikkje brukt det i produksjonen, meiner fabrikksjefen.

– Kjøttet får dårleg kvalitet, og er seigt. Då kan vi ikkje bruke det i produksjonen av pinnekjøtt, seier ho.

Pinnekjøtt med kålrabi/gulrotstappe.

Pinnekjøtt med kålrabi/gulrotstappe.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK