Hopp til innhold

Stortingspresidenten felt av juletre

Det gjekk ikkje heilt som planlagd då julegrana som skal stå på Stortinget skulle fellast i dag.

UNDER TREET: Stortingspresident Masud Gharahkhani kom nok litt nærare treet til Stortinget enn planlagd.

– Alt for Noreg! Det blir eit minne for livet for å sei det sånn, seier Masud Gharahkhani.

Der dei fleste kanskje vil ha playstation, kjøkenmaskiner eller ei ny jakke under treet, fekk gjengen i Ytre Enebakk stortingspresidenten under treet tidlegare i dag.

uBZfNCxXSUE

Treet til Vandrehallen er litt større enn det juletreet stortingspresidenten vanlegvis tek med seg heim til jul.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Det tok ei litt uventa vending, men det var heilt udramatisk. Du kan sei at eg fekk kjenne treet på kroppen. Så denne grana har eg allereie eit nært forhold til, seier Gharahkhani til NTB.

Det er tradisjon at treet som skal stå i Vandrehallen på Stortinget fellast i Ytre Enebakk. I år ville stortingspresidenten vera med, og fekk med seg ei bogesag for å få jobben gjort.

Alt skulle vera klart for at Gharahkhani trygt skulle felle treet som skal glede dei folkevalde.

Stortingspresident hugger juletre til stortinget

Gjengen i Ytre Enebakk såg nok ikkje for seg å få sjølvaste stortingspresidenten under julegrana i år.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

– Eg låg under grana og sagde, og så gjekk ikkje treet heilt i den retninga me hadde sett for oss. Folk vart litt stressa der ein periode, men alt gjekk fint med både meg og grana.

To personar måtte hjelpe til med å få vekk treet som landa delvis oppå stortingspresidenten.

No spøker han sjølv med at bilete av han under treet, kanskje blir julekortet for 2023, då årets julekort allereie er sendt ut.

Flere nyheter fra NRK Buskerud