Hopp til innhold

Stenger fleire vegar for å sleppe bussen fram

I morgon blir T-banelinje 4 opna igjen. Samtidig blir fleire sidevegar til Østensjøveien i Oslo stengt for å sleppe bussane fram.

Folk og buss Helsfyr

No blir det sett inn fleire tiltak for å gjere det enklare for bussane å kome fram på Helsfyr i Oslo.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Førre veke var det kaos i trafikken på Helsfyr, men i morgon er T-banelinje 4 tilbake i drift. No blir òg fleire sidevegar til Østensjøveien stengd, det blir innført svingforbod og gateparkering blir fjerna.

– Vi håpar dette gjer at bussen kjem seg greitt tilbake til Helsfyr for å kunne køyre ei ny runde. Det er det som har vore utfordringa, at det har vore så mykje trafikk i området som har hindra bussen, seier Øystein Dahl Johansen, pressetalsperson i Ruter.

Les også T-banelinje 4 opnar tysdag: – Ei kraftig forbetring

Folk og buss Helsfyr

Set inn fleire tiltak

Desse tiltaka blir innført i samarbeid Bymiljøetaten:

  • Jernbaneveien/Smalvollveien blir stengd ved Smalvollveien 6 i retning Østensjøveien.
  • Det blir innført venstresvingforbod frå Østensjøveien til Nils Hansens veg.
  • Det blir innført venstresvingforbod frå Nils Hansens veg til Østensjøveien.
  • All gateparkering i Nils Hansens veg mellom Tvetenveien og Fyrstikkbakken blir fjerna.

Dei jobbar no med å få på plass nødvendig skilting. Det vil framleis vere trafikkdirigentar i området framover.

Dahl Johansen seier dei nye tiltaka vil gjelde inntil vidare.

– Så må vi sjå korleis dette påverkar trafikken i området, seier han.

Busser står fast i Østensjøveien på grunn av buss for T-bane østover fra Helsfyr

I førre veke stod bussane fast i Østensjøveien. Dei er sett inn ekstra for T-banene som ikkje går.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

– I morgon er det altså både ei T-banelinje som opnar, og fleire tiltak som blir sett inn. Kor mykje vil det losne opp på Helsfyr?

– Dette vil betre framkommelegheita til bussen. Det vil òg gje nye reisemoglegheiter, særleg til dei som skal til Mortensrud eller heilt sør på linje 3, seier Dahl Johansen.

Ruter oppfordrar framleis dei som reiser med bil til å velje andre ruter enn forbi Helsfyr og Østensjøveien om mogleg.

– Det er svært viktig for heile den operasjonen med buss for bane. Dette skal gå føre seg lenge, og vi forstår at det er ein årsak til frustrasjon blant dei reisande, men det er heilt avgjerande for at bussen skal kome fram, seier Dahl Johansen.

Les også Stenger veier for å hindre busskaos

Busser står fast i Østensjøveien på grunn av buss for T-bane østover fra Helsfyr