– Det skulle jo ha vore nokre små korn her, då. Men det er nesten ingenting. Det er berre noko ... tøys.
Kornbonde Øyvind Foss frå Øvre Eiker ser fortvila ned på kveiteakset han held i hendene. Med nedslått mine prøver han å presse ut eit lite, innskrumpa kveitekorn.
Det er forgjeves.
– Det skulle ha vore to, tre gonger så langt. Både i storleik på akset og på kvart enkelt korn. Dette er ei sørgjeleg sak, sukkar Foss.
Ekstremvêr = ekstremt lite avling
Det blir sagt at blind høne også finn korn.
I Viken – det som blir omtalt som Noregs kornkammer – har tusenvis av kornbønder skader på avlingane sine. Først kom tørken. Så fall regnet. I ekstreme mengder.
Det hadde neppe hjelpt om høna hadde haukesyn, kraftig brillestyrke og lupe. Skadane er eit faktum. Åkeren skulle ha bogna av friskt korn.
Årets korn hos Øyvind Foss, ikkje rare greiene ...
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK– Her skulle vi eigentleg hatt problem med å sjå bakken. Vi snakkar om rundt ei tredjedels avling, fortel kornbonde Foss medan han vandrar gjennom ein syltynn kornåker og berre konstaterer øydeleggingane.
Han har drive med korn i 40 år. Disponerer 2300 mål. Berre ved eitt tilfelle i kornkarrieren, i tørkeåret 2018, har han søkt om erstatning.
– Eg taper fleire millionar på det arealet eg driv. Det er trist, trist for alle. For forbrukarar, produsentar og landet vårt.
Årets kornkvalitet er laber. Avlingsskadane er store. Og bøndene fortviler.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKAldri vore så alvorleg
Hos Statsforvaltaren i Oslo og Viken renn det inn meldingar om avlingsskadar. Dei har aldri opplevd make.
Vanlegvis får dei inn mellom 15 og 100 søknader om erstatning i løpet av eit normalår. No har 3336 bønder meldt inn skade.
I underkant av 2500 er på korn.
Kay Henrik Bucher, seksjonssjef i landbruksavdelinga, understrekar viktigheita av at dette er meldingar om mogleg produksjonssvikt.
Kay Henrik Bucher hos Statsforvaltaren.
Foto: Statsforvalteren i Oslo og Viken/Sturlason– Først etter utløpet av søknadsfristen 31. oktober, veit vi kor mange meldingar som munnar ut i ein søknad.
Bucher seier han er bekymra for at bønder med tapte grovfôravlingar må slakte dyr på grunn av fôrmangel.
– Det er kritisk. Dette er inntektsgrunnlaget for bøndene. Vi kan gi støtte til dei som er ramma gjennom ordninga for tilskot ved produksjonssvikt. Tilskotet skal kompensere for ein del av tapet, men er ikkje ei fullverdig erstatningsordning. Den skal i utgangspunktet berre sikre likviditeten til bonden.
Kort fortalt: Inntektsgrunnlaget for bøndene forsvinn når avlingane forsvinn.
Bucher er engsteleg med tanke på «vidare drift på dei bruka som blir ramma så hardt at det er vanskeleg å ta seg vidare».
– Eg har ikkje sett ein så alvorleg situasjon tidlegare, seier han.
Gigantrekning
No blir store mengder vêrskadd korn avvist ved mottaka.
Ein rapport utført av Felleskjøpet frå byrjinga av august viser at kornhausten blir 21 prosent dårlegare på landsbasis enn fjoråret.
Men grunnlaget for prognosen vart utarbeidd før ekstremvêret «Hans».
7. september gjorde Landbruksdirektoratet eit førebels anslag for produksjonssvikt. Der er det venta at norske bønder vil sende over 6600 søknader om erstatning.
Rekninga kjem på rundt 560 millionar kroner.
Dårleg korn.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKFerske tal (18. september) frå marknadsregulator Felleskjøpet Agri viser likevel at vêrforholda ytterlegare forverrar årets kornavling. Forventa tilgang på korn og oljevekstar har gått ned 155.000 tonn samanlikna med den tidlegare prognosen.
Den ferske avlingsprognosen estimerer at 70.000 dekar korn ikkje blir treskt denne sesongen. Det svarer til eit område nesten like stort som 10.000 fotballbanar.
I prognosen anslår marknadsregulator eit importbehov på 203.500 tonn matkorn for å dekkje forbruket.
Den totale rekninga veit ein ikkje enno.
Store vêrskadar på havren
Eit par kilometer unna kornåkrane til Øyvind Foss, på mottaket Eiker Mølle, kjem andre bønder for å tippe kornet sitt.
Der er stemninga alvorleg.
Korntipping hos Eiker Mølle. Men årets kvalitet er dårleg.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRKKvaliteten på kornet er for dårleg til å brukast i mat- og fôrproduksjon.
Siloleiar Kjell Erik Fjeldheim held ein neve med stusslege havrekorn. Han konstaterer raskt:
Siloleiar hos Eiker Mølle Kjell Erik Fjeldheim.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK– Dette er veldig lett havre, nesten ingen vekt i det – og det er vêrskadd.
Havren, fortel Fjeldheim, har stått for lenge ute i både tørke og i flaum.
– Vi har fått lite i forhold til kva vi pleier å få.
– Er det sjeldan lite?
– Ja. Omtrent som i 2018, viss ikkje mindre ...
Tørken for fem år sidan påførte bøndene eit tap på om lag 5–6 milliardar kroner.
Må søkje om erstatning
Tilbake i kornåkeren sørgjer bonden Øyvind Foss over sesongen i år.
Han seier at målet er å alltid levere mat av god kvalitet.
– Det er det som er moro, motiverande og som det blir pengar i kassa av.
I staden vil han no lide milliontap. For 30 prosent av skadane må han dekkje sjølv.
– Søkjer du om avlingsskadeerstatning?
– Ja, eg må det. Dette er ikkje i nærleiken av å dekkje utgiftene. Det er ikkje noko hyggjeleg.
Kornbonde Øyvind Foss viser kor dårleg aksen på årets avling er.
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK