Hopp til innhold

Vann årets heimekontor

Folket har talt, og no er vinnaren av årets heimekontor i Oslo og Viken kåra! Og vinnaren samla inn over 40 prosent av stemmene.

Grete Rian, vann årets heimekontor 2020 i Oslo og Viken.

Frå heimekontoret sitt på hytta ved Kurefjorden, kan Grete Rian sjå ut på ekorn som leikar seg mellom tretoppane.

Foto: Victoria Marie Nordahl / NRK

– Det var veldig overraskande, lo Grete Rian då ho fekk beskjeden torsdagsmorgon i morgonsendinga til NRK Østfold, om at kontoret hennar hadde stukke av med fyrsteplassen.

Rian som er frå Trøgstad, bur i Oslo for tida, men har veksla mellom å ha heimekontor i hovudstaden og reise ut på hytta ved Kurefjorden i Østfold for å jobbe derifrå. Då ho lasta opp sitt bidrag til konkurransen, sat ho på hytta med utsikt ut mot fjorden.

– Me har hatt heimekontor veldig lenge no, så innimellom slaga, dei gongane me har blitt skikkeleg lei av det vanlege heimekontoret vårt, så har me dratt på hytta for å få litt endring i omgivnadane.

Der har ho benka seg til med PC-en på stovebordet føre eit digert vindauga.

– Derifrå kan eg sjå på skogen og hagen, og ekorna som spring mellom tretoppane.

Rian seier ho dreg så ofte ho kan til hytta i Østfold for å jobbe, fordi det er såpass roleg og avslappande der.

Dei siste dagane har innbyggarane i Oslo og Viken kunne stemme over dei seks finalistane i konkurransen over kven som hadde årets heimekontor i Oslo og Viken. Mange har stemt og det har vore tett på mellom fleire av finalistane.

I tillegg til heider og ære for årets heimekontor i Oslo og Viken, stikk Rian og av med eit Prekas-krus og ein DAB-radio

Arber Topallaj og Esra Maloku

Esra og Arber frå Sommerhytta, synes fleire av bidraga som kom inn var såpass fine, at dei gjerne skulle hatt dei som heimekontor sjølv.

Foto: Privat

Fokus på arbeidsglede

Me fekk hjelp av ein jury til å plukke ut seks finalistar av dei 42 bidraga me fekk inn i konkurransen.

Ragnhild Bang nes, psykolog og lykkeforsker

Psykolog Ragnhild Bang Nes, såg spesielt på at kontora skulle vera innbydande og gi arbeidsglede for dei som måtte sitte der og jobbe.

Foto: Privat / OLKA FALBA

Ragnhild Bang Nes, som er psykolog og lukkeforskar og Arber Topallaj og Esra Maloku, frå TV 2-programmet Sommerhytta, fekk jobben med å gå over alle bileta me hadde fått inn på Instagram under emneknaggen #osloogviken og på e-post til osloogviken@nrk.no.

– Det var mange fine heimekontor, men eit par utpeikte seg. Dei finalistane eg likte best har eit kontor eg kunne tenke meg sjølv, sa Esra Maloku i førre veke då finalistane vart kåra.

Bang Nes seier ho blant anna såg på at kontora skulle gi ro, konsentrasjon og arbeidsglede.

– Det var nokon som utmerka seg, og som såg spesielt innbydande ut.