Hopp til innhold

Spennande på idrettstinget

Det går mot eit spennande val på idrettstinget i Skien.

idrettspresident kandidater
Foto: Redaksjon EN / NRK

Tove Paule kan bli vald til idrettspresident med støtte frå Odd-Roar Thorsen, som til gjengjeld blir første visepresident i styret.

Valet av ny idrettspresident på idrettstinget i Skien startar sønsdag klokka ni.

Tre kandidatar igjen

Det betyr at Roald Bergsaker kan bli spela ut over sidelina ved valet.

Paule frå Drammen får i så fall med seg Thorsen og Børre Rognlien som visepresidentar.

Stig Hvide Smith trakk laurdag sitt kandidatur. Søndag morgon trakk Norges Cycleforbund Bjørn Hamre som kandidat til idrettspresident.

Dermed er Paule, Thorsen og Bergsaker dei tre presidentkandidatane som er att.

Følg valet på idrettstinget direkte på Nett-TV