Hopp til innhold

Snøvêret skapar kaos i trafikken – og det blir verre

Vogntog står fast, bilar sklir ut av vegen og kollisjonar fører til lange køar. Snøvêret skapar kaos også i låglandet.

Trafikkulykke nord for Skien

Personbilen fekk skrens på bilen, kom over i motsett køyreretning og trefte lastebilen. Sjåføren av bilen er sendt til sjukehus med ukjent.

Foto: Theo Aasland Valen

Mange har nok fått ein lenger tur heim frå jobb denne måndagen. Uvêret har tatt seg opp denne ettermiddagen og store snømengder kombinert med vind, har skapt svært vanskelege køyreforhold.

Og vegtrafikksentralen har ikkje gode nyheiter.

– Det blir berre verre utover kvelden, seier Anniken Island, trafikkoperatør på Vegtrafikksentralen til Statens vegvesen.

Ulukke Øvre Eiker veg

På Øvre Eiker veg ut av Drammen var det fleire kollisjonar som førte til køar ut av byen.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

Her er noko av det som har skapt kaos på vegane i Sør-Noreg i ettermiddag:

  • 20.50: Ein semitrailer har køyrd i grøfta på E 16 ved Paddevika i Hole. Det er berging på staden og vegen er heilt stengt mellom Sandvika og Hønefoss
  • I Asker krasja ein bil med midtrabatten på E 18 mot Drammen og skapte saktegåande trafikk mot Drammen.
  • Ved Åtlandstunellen i Lyngdal har fleire tre velta/knekt på grunn av tungt snøfall, fleire tre står også i fare for å knekke. Politiet er på staden og dirigerer trafikken.
  • Ein personbil køyrde inn i plogen på ein brøytebil i Kanada i Lier.
  • På E 6 mellom Kløfta og Jessheim i retning Gardermoen har ein personbil køyrd i midtdelaren og venstre felt er stengt. * Vegen er open igjen nå.
  • Ein semitrailer har køyrd i grøfta på E 16 ved Paddevika i Hole. Det er berging på staden og vegen er heilt stengt mellom Sandvika og Hønefoss.
  • I Øvre Eiker på riksveg 35 mellom Hokksund og Skotselv er vegen stengt etter ei trafikkulukke. Ifølgje politiet fekk ein semitrailer sleng på hengeren og trefte ein personbil i fronten. Personbilen skal deretter ha blitt slengt inn i fronten på eit vogntog, som kort tid etter byrja å brenne kraftig. Tre personar er skadd, ein av dei kritisk.
  • I Skien har ein personbil frontkollidert med ein lastebil på riksveg 36 ved Brekkesvingane nord for Geiteryggen. Vegen er stengt og det er lange køar, opplyser politiet. Personbilen kom over i feil køyretning, fekk skrens på bilen og trefte lastebilen. Føraren av personbilen er frakta til sjukehus. * 20.58: Vegen er open igjen.
  • På riksveg 23 står fleire vogntog fast i Spikkestad-bakkane i Røyken. Det skapar trafikkaos og lange køar.
  • På E 18 i Lier har ein bil snurra i vegbanen og skapt trafikkproblem.
  • Vogntog har slite også på E 16 opp mot Sollihøgda. Der har politiet i ettermiddag anbefalt bilistar og velje alternative ruter.
  • I Trøndelag har ei hytte blitt tatt av snøskred i Oppdal.
  • I Drammensområdet har fleire kollisjonar ført til lange køar ut av byen.
  • I Sarpsborg har to vogntog køyrd seg fast sør for Trøsken bru på fylkesveg 114. Det er svært glatt på staden.
  • På E 16 ved Nes i Ådal har eit tre falt ut i vegbanen cirka fire kilometer sør for Nes.
  • E 18 i Gjerstad vil bli stengd i periodar etter to vogntog har køyrt seg fast.
  • I Lindesnes har fleire vogntog fått problem i Fardalsbakken og Osestadbakken på grunn av glatt føre. Statens vegvesen stoppar der tunge køyretøy.
  • På riksveg 9 mellom Hovden og Haukeli er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêret.
  • I Nordland er heller ikkje vêret på topp. Der er det mange kansellerte ferjer og hurtigbåtar på grunn av dårleg vêr på sjøen.
Snøkaos

I Drammen sentrum fekk mange ein lang veg heim frå jobb.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

På fjellet slit dei aller fleste fjellovergangane med å halde ope. På fjellet bles det vind i orkan styrke, på Folgefonna har dei sterkaste vindkasta vore oppi 56,8 meter per sekund.

– Kan ikkje hugse sist det kom så mykje snø

Når du vaknar i morgon må du nok ta brøyteskuffa fatt og kanskje bør du vurdere å droppe bilen til jobb.

– På eitt døgn er det meldt at det vil kome mellom 40 og 60 centimeter snø i Buskerud, Vestfold, Telemark mellom klokka 13 i dag og 13 i morgon, seier vakthavande meteorolog Bjart Eriksen ved Meteorologisk institutt.

Det vil også kome store mengder snø i Oslo og Akershus, og også i sørlege delar av Oppland. I Rogaland og Agder vil nedbøren hovudsakleg komme ned som regn

Sjølv metereologen kan ikkje hugse sist det kom så mykje snø på ein gong på Austlandet.

– Ein kjem til å merke det godt det neste døgnet, og me reknar med store trafikkproblem, ikkje berre på dei store vegane, men også på småvegane. Det er veldig uvanleg at det kjem så mykje snø på så kort tid, og eg kan ikkje hugse sist det skjedde på Austlandet, seier Eriksen.