Torleif Gullhagen i Ål i Hallingdal sel mellom 120 og 130 snmøscooterar kvar vinter og mange av desse er skikkelege verstingscooterar med toppfart på over 200 kilometer i timen.
Sportsscooterar kallar forhandlaren dette fartsvidunderet. Men problemet er at det ikkje lenger er lov å køyre snøscooter anna en på eiga innmark.
Torleif Gullhagen.
Første juli i år kom snøscooterforbodet på offentleg veg. Etter den nye forskrifta kan berre dei med løyve eller dispensasjon køyre på offentleg veg eller i utmark, og det er ikkje mange som får slikt løyve. Difor meiner Gullhagen at ungdom og andre scooterinteresserte burde hatt eigene løyper der dei fritt kan dyrke scooterinteressa si.
Men sjøl om det er ulovleg å bruke snøscooter i Sør-Norge i dag utan til såkalla næringskøyring, er det mange ungdommar som kjøper seg snøscooter, og ungdommen kjøper dei råaste og mest motorsterke, fortel Gullhagen.
Ål hadde inntil nyleg ein eigen interesseorganisasjon for snøscooterbrukarar. Men i haust la Ål snøscooterklubb ned drifta etter fire års verksemd.
Politibetjent Arnstein Skår. Foto: Gunnar Grimstveit.
No vil ikkje han som var leiar i klubben då han vart lagt ned, Lars Andre Espegard, uttale seg til media i det heile fordi han føler all snøscooteromtale blir negativt vinkla i aviser og radio/tv.
Men politibetjent Arnstein Skår ved Ål lensmannskontor synest det er problematisk at folk kjøper snøscooter som er bygd som reine fartsmaskiner og ikkje kan brukast anna enn på eiga innmark.