Snart er det ikkje fleire som Anne-Lise att i Norge

Mesteparten av støls- og seterdrifta i landet har forsvunne dei siste 100 åra. Anne-Lise Søndrol er ein av få som framleis held budeietradisjonen ved like.

Anne-Lise

– Ti minutt med ein gris, så har du ein ven for livet, seier Anne-Lise Søndrol.

Foto: Caroline Utti / NRK

Langs ein grusveg i fjella mellom Ål og Hovet i Hallingdal ligg Fagerdalen. Ein støl som har vore i familien Søndrol i over 300 år.

– Det er mange som ikkje veit så mykje om støl og seter, eller kva me driv med, seier Anne-Lise Søndrol.

Ho er akkurat ferdig med å mate grisene.

I tillegg til dyrehald, driv Anne-Lise kafé med utsal av eigenprodusert mat på Fagerdalen støl.

Om sommaren, når kafeen er open og dyra er på beite, er det lite tid til å kvile.

Ein vanleg arbeidsdag i sommarsesongen startar halv sju om morgonen og varer gjerne fram til halv elleve på kvelden, seier Anne-Lise.

Anne-Lise

BILDESERIE: Anne-Lise har vore budeie på stølen i Fagerdalen kvar sommar sidan ho var jentunge.

Foto: Caroline Utti / NRK
Anne-Lise

Stølen er open for besøk kvar dag heile sommarsesongen.

Foto: Caroline Utti / NRK
Anne-Lise

Med 12-16 timar lange arbeidsdagar, blir det lite med fritid for budeia i Fagerdalen.

Foto: Caroline Utti / NRK
Anne-Lise

Korkje journalistar eller andre gjester får forlate Fagerdalen på tom mage.

Foto: Caroline Utti / NRK

Når det ikkje er beitesesong, produserer Anne-Lise lokalmat heime på garden i Hovet. Med ein gong snøen smeltar dreg ho til fjells for å vera budeie.

– Den viktigaste oppgåva mi, ved sida av å gjera folk gode og mette, er å fortelje om stølsdrift og korleis me arbeider. Eg trur me er ein god ambassadør for landbruket generelt.

Ein utdøyande art

Mange bønder tek med seg dyra sine, og flyttar på stølen eller setra om sommaren. Det byr på både enklare gardsdrift, og friske fjellbeite for dyra.

I løpet av 100 år har Norge mista omkring 99.000 stølar, ifølgje ei undersøking gjort av Norsk institutt for bioøkonomi.

No er det under 900 att.

– Det at det blir færre og færre som driv med seterdrift er eit stort tap for fellesskapet. Dette er jo ein del av identiteten vår, seier Katharina Sparstad, dagleg leiar i Norsk Seterkultur.

Pilotprosjekt rundt stavkirke

Katharina Sparstad, dagleg leiar i Norsk Seterkultur, meiner seterdrift er ein viktig del av norsk kulturhistorie.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Sparstad trur nedgangen kjem av at det er lite pengar å hente på seterdrift. I tillegg er det vanskeleg å få yngre generasjonar til å overta drifta.

Ho er redd seterdrift og budeienæringa skal døy heilt ut.

– Budeia er viktig i norsk historie. Ho ber på mykje kunnskap og kompetanse. Det er dei som ber kulturarven vidare.

Sparstad trur at dersom støls- og seterdrift hadde vorte prioritert hos Innovasjon Norge, kunne ein unngått den kraftige nedgangen i drifta.

Støl.

Fagerdalen støl ligg i fjellområda mellom Ål og Hovet i Hallingdal.

Foto: Caroline Utti / NRK

Auka med over ein million

For at ein som driv støl skal få økonomiske støtte av Innovasjon Norge må blant anna prosjektet vise at det styrkjer økonomien for garden seterdrifta er ein del av.

Inger Solberg, Innovasjon Norge

Inger Solberg i Innovasjon Norge meiner lokal prioritering er viktig for vidare utvikling av seternæringa.

Foto: Innovasjon Norge

Direktør for berekraft i Innovasjon Norge, Inger Solberg, fortel at løyvingar til støls- og seterdrift har auka med over ein million kroner på to år.

– Det er viktig at det er semje om å prioritere støls- og seterdrifta frå dei enkelte regionane, seier Solberg.

Optimistisk syn på framtida

Sjølv om prognosane ser dystre ut, er budeie Anne-Lise Søndrål optimistisk. Ho har tru på at det finst unge som vil drive seter og støl viss dei får moglegheita.

– Eg håpar fleire kan sjå verdien av å vera på støl. Den kjensla eg får når eg kjem opp hit og ser Fagerdalen for første gong om sommaren er heilt spesiell, seier ho.

Søndrål går no inn i sitt 34. år som budeie i Fagerdalen. Og ho har ingen planar om å slutte med det første.

– Kva i alle dagar skulle eg brukt sommaren på, viss eg ikkje fekk vore på stølen?

Anne-Lise

Anne-Lise Søndrol er meir enn klar for å ta fatt på ein ny sommarsesong i fjellet.

Foto: Caroline Utti / NRK