Hopp til innhold

Reisebrev frå Nisse-Nils

NRK sende ein liten julenisse ut på adventsreise. Dette er reisebrevet vi fekk tilbake frå publikum.

Nisse-Nils før avreise fra NRK Buskerud

Nisse-Nils har nok reist meir enn dei fleste i desember.

Foto: Karoline Stangenes / NRK

Kva skjer eigentleg viss NRK skaffar seg ein liten tøynisse, reiser til eit kjøpesenter i Drammen og leverer han der med oppgåva:

Nisse-Nils i radiostudio i Drammen, sammen med produsent Ellen Karin Moen.

Nisse-Nils i radiostudio i Drammen saman med produsent Ellen Karin Moen.

Foto: Karoline Stangenes / NRK

«Besøk flest moglege stader i løpet av kortast mogleg tid fram mot jul»?

Det var i alle fall utgangspunktet då NRK Buskerud for andre året på rad sende «Nisse-Nils» ut på eventyr. I 2021 reiste nissen heile vegen til Spania før han vart borte. I år forlét han aldri Norge, men reisa vart ikkje mindre eksotisk av den grunn.

Her er nokre av høgdepunkta:

Folk

Nisse-Nils har først og fremst møtt dykk. Mange menneske. Og vi har gjennom heile adventstida fått høyre historiene deira.

Dette er berre eit lite utval:

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Det heile starta hjå Frelsesarmeen i Drammen, saman med mellom anna gryteansvarlig Turid Formoe.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Ferda gjekk til flyktningmottaket på Kongsberg.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Nisse-Nils fekk leike med lego då han besøkte ein barnehage i Fagerstrand.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

I Ski fekk Nils vere med på å feire 70-årsjubilanten Stein Asthøy.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Det har ikkje berre vore jobb for Nisse-Nils. Han fekk sett seg ned og følgt VM-finalen mellom Argentina og Frankrike.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Frå Stokmarknes til Tromsø fekk Nils vere med Widerøe, og besøke cockpit for å helse på Odd-Arne og Judith.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

I Stokmarknes var Nisse-Nils kun ein kort tur, før ferda gjekk vidare til Tromsø.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

I Namsos vart det tid til litt lunsj, før reisa gjekk vidare til Vega.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Nissen fekk vere med på å selje forfriskningar saman med cabincrew Teresa og Tove.

Nisse-Nils på rundreise i Norge

Frå Bergen til Bodø fekk nissen vere med Olav Larssen.

Svalbard

Julaftan var Nisse-Nils på Svalbard.

Torbjørn Staff med Nisse-Nils på Svalbard

Torbjørn Staff tok med seg Nisse-Nils for å opne pakkar på sjølvaste julaftan.

Foto: Privat

– God jul! Nisse-Nils er på Svalbard, ler Torbjørn Staff.

I år, som i fjor, var det nettopp slik at Nisse-Nils rett og slett vart borte. Men på sjølvaste vesle julaftan dukka han opp på Svalbard lufthamn.

– Eg fekk han i handa av ein kollega som sa: Her har du ei oppgåve, Torbjørn. Ver så god!

Nisse-Nils med Fare-for-isbjørn-skilt på Svalbard

Når ein ser dette skiltet, så er det ikkje så mange stader i Norge Nisse-Nils kan vere.

Foto: Privat

Staff, som opphavleg er bergensar, jobbar med «groundhandling» og har derfor mellom anna ansvaret for frakt og bagasje.

– Svalbard er ein fantastisk plass. Det er så flotte menneske her oppe, seier Staff som tidlegare har hatt same jobb på Flesland, men som kjem frå jobb med stillas i Bergen.

– Treng ikkje seie noko meir enn at det regnar mykje i Bergen, og når du jobbar utandørs med stillas så kjenner du det på kroppen at det er «dritvêr» i Bergen, smiler Staff, før han poengterer at han har bytt ut Bergen med Spitsbergen.

Bergensaren tok deretter med Nisse-Nils på julefeiring med venner på Svalbard.

– Det blir pinnekjøtt. Ein held på dei tradisjonane ein har teke med seg frå fastlandet. Det blir triveleg. Det er ein skjønn gjeng eg skal feire med, seier Staff.

Feira du jul heime?

Vega

Det er ikkje alle som får oppleve vakre Vega på Helgeland i Nordland. Men Nisse-Nils fekk besøkje staden som står på Unescos liste over verdsarv.

Nisse-Nils besøker verksted på Vega

På Vega var nissen innom Automeister.

Foto: Privat

Hos Vega Mekaniske dukka nissen opp 16. desember, i ei eske med diverse filtar.

– Det var ei kjempeartig overrasking, seier dagleg leiar, Tomas Rautila.

Han trudde først nissen var ei lita gåve frå kollegaene i Namsos, men skjønte fort at Nisse-Nils hadde eit større oppdrag.

– Han fekk vere med på litt brøyting med hjullastaren her. Vi har fått veldig mykje snø, seier Rautila. Han bestemde seg likevel for at nissen måtte vidare. Og at det var første person inn døra som skulle få ho med seg.

Dermed vart det 15 minutt på verkstad, men ikkje lenge hos nestemann heller. For Nisse-Nils måtte vidare og bort frå Vega. Postbilen til Kate Kjørsvik vart redninga.

Nisse-Nils ble med postbilen hjem fra Vega

Nils fekk vere med å levere julegåver på Vega (ein jobb han bør bere godt kjent med).

Foto: Privat

Her fekk Nisse-Nils vere med på noko han har litt erfaring med. Å levere julepost.

Nisse Nils på vei med ferge hjem fra Vega
Foto: Privat

– Vi har levert julegåver og post til folk på Vega, og så fekk Nils sitje på skuldra til kapteinen på Vega-ferja, ler Kjørsvik.

Deretter bar det ut i skogen for å vere med på hente juletre, men litt meir pynting enn det trong ikkje postbodet hjelp til.

– Eg pyntar alt klart 1. desember. Då er det berre koseleg julegåveshopping og baking som står att, seier Kjørsvik.

Kystruta

I Brønnøysund hoppa Nils på Kystruta, og vart med nedover mot Bergen.

Nisse-Nils med Kystruten på vei til Bergen

Nisse-Nils med full kontroll då Kystruten segla inn mot Bergen.

Foto: Privat

– Nissen har det veldig bra. Han sit her oppe på brua og koser seg, seier overstyrmann Alan Sedolfsen.

20. desember var dei på veg inn mot Kristiansund.

– Eg blir verande ombord til 14. januar, seier Sedolfsen om si eiga reise. Han fekk dermed både julefeiring og nyttårsfeiring ombord på båt.

– Det går heilt fint. Vi har halde på med dette i mange år. Annakvar jul er vi heime og annakvar jul er vi ombord, seier han og legg til:

– Vi har det triveleg. Gode kollegaer og god mat. Fin julestemning.

Hittegodskontoret

Nisse-Nils på hittegodskontoret til studentsamskipnaden i Oslo

Dette kunne vorte siste stopp for Nisse-Nils.

Foto: Privat

13. desember vart det Lucia-feiring for Nils på hittegodskontoret til Studentsamskipnaden i Oslo. Det kunne fort ha blitt siste stopp på reisa for nissen, men heldigvis fekk han fritak frå reglane slik at han kunne komme seg vidare.

«Hei,

Nisse-Nils dukka i dag tidleg opp i Hittegodskontoret til Studentsamskipnaden i Oslo (SiO), ifølgje prosedyren skal han vere her i to veker og så bli destruert viss ingen hentar han.

Toma driv Hittegodskontoret på vegner av SiO og vil i dette tilfellet avvike reglane for hittegodshandtering, då to veker på eit lager no blir vurdert å vere lite gunstig for ein nisse.

Nisse-Nils reiser vidare.»

Det siste vi har høyrt frå Nisse-Nils var at han var på veg frå Svalbard til fastlandet. Vi veit ikkje kvar han endar opp, men reisa hans har vore fin.

Gledelig jul!

Så triveleg at du har lest heilt hit. 

Har du innspel til saka, eller korleis eg skal kome meg rundt i Norge neste jul, så kan du jo sende meg eit tips!