Hopp til innhold

Kronisk rotete? Sånn blir du ryddigare:

Er du den som tømmer tørkestativet gradvis ved å bruke kleda som heng der, framfor å legge dei saman og på plass når dei er tørre? Då er denne saka for deg!

Rom på folkehøgskole som er rotete på eine sida og ryddig på andre sida

GENETIKK OG MILJØ: Dei fleste av oss vil påverkast av måten me veks opp, men genetikk kan og ha ein del å sei for om ein vert rotete eller ryddig.

Foto: William Borgen Werring

Før me startar med tipsa her vil eg berre komme med ei lita oppklaring.

Om du allereie er veldig ryddig, men vil ha tips til korleis du kan ta det til eit heilt nytt nivå – då får du nok betre tips frå damene bak «The Home Edit» på Netflix.

Denne saka er for deg som heller lar oppvasken samle seg på benken, fordi maskina allereie er full av reine ting. Det tek jo alt for lang tid å tømme den og fylle den opp igjen, og den tida har me ikkje. Eller?

The Home Edit

STROKENT: Er du på leit etter korleis du kan få orden i både skap, skuffer og kjøleskåp er det ikkje sikkert du finn svaret på det i denne artikkelen.

Foto: JOHN SHEARER / NETFLIX

Ein vanskeleg jobb

– Du er ikkje nødvendigvis lat, viss du er rotete. Hjernen din går berre på autopilot.

Det seier Dr. Isabel Richter, som jobbar ved det psykologiske fakultetet på NTNU. Ho har blant anna forska på vanar og åtferd.

– Hjernen vår vil alltid gjera det den alltid har gjort. Difor er det skikkeleg vanskeleg å få den til å endre måten den gjer ting. Sjølv om du er skikkeleg motivert til å endre deg, så er det kjempevanskeleg.

Men sjølv om det er vanskeleg, er det ikkje umogleg, skal me tru forskaren.

Roteskuffa til Line frå Ryddelykke

ROTESKUFF: Dei fleste har kanskje ei roteskuff eller eit roterom heime?

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Arv og miljø

Det å vera rotete eller ryddig er noko som ein faktisk kan ha med seg frå fødselen av. Richter fortel at både genar og miljø er med å avgjere om du let oppvasken stå, eller om du ikkje klarer sjå ein kopp stå igjen på bordet.

– Nokre er født med eit ryddig gen, medan andre er født med eit rotete gen. Så sjølv om du veks opp i ein kjemperyddig heim, treng ikkje det bety at du og blir ryddig. På same måte kan du vekse opp i ein svinesti og bli ryddig, fordi du er født med eit ryddig gen.

Tørrvareskuffa til Line frå Ryddelykke

ORGANISERT: Både i skuffer og skåp er ting sortert og har sin eigen plass.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Strokent

– Eg har alltid vore sånn, for eg hugsar at eg gjekk og rydda etter systera mi. Organiserte bøkene hennar blant anna, som gjorde ho skikkeleg frustrert, ler Line Ingebrigtsen.

Kjøleskåpet til Line frå Ryddelykke

PÅ STELL: I kjøleskåpet til Line Ingebrigtsen skal det vera oversiktleg og organisert.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Ho er dagleg leiar for ryddefirmaet «Ryddelykke» som ho driv med venninna si Rikke Faaravik.

I huset til Line i Drammen har alt ein tiltenkt plass, og det står ingenting på bord eller benkar som ikkje skal stå der.

– Eg klarer ikkje slappe av viss eg har det rotete rundt meg. Det skal og seiast at eg synest det er kjempegøy å rydde. Både undervegs og når ein ser resultatet.

Rikke er i motsetning til Line ein maksimalist, og har difor god øving med å få plass til mykje på små plassar.

– Sjølv om det av og til kan vera litt rotete hos meg, klarer eg alltid få det ryddig igjen ganske kjapt.

Line og Rikke frå Ryddelykke står på kjøkenet.

BRØDSMULAR: Smular på brødfjøla må vekk med ein gong.

Foto: Ellen Karin Moen / NRK

Ekspertens tips

Både forskaren og rydde-ekspertane er einige når dei skal komme med tips til oss kronisk rotete personar.

– Ta ein ting om gongen!

Dr. Isabel Richter

IKKJE LAT: Du kan puste ut og vite at det ofte ikkje er latskap som er grunnen til at ein er rotete seier Dr. Isabel Richter.

Foto: NTNU

Richter fortel at mange ofte set seg for høge mål, som gjer det vanskelegare å endre vanane sine. Eit eksempel er at ein bestemmer seg for å bruke helga på å rydde og vaske ned heile bustaden sin.

– Det er godt mogleg ein klarer det, men følelsen ein sit igjen med er at det tek to heile dagar og masse jobb å få ein ryddig bustad. Då er ein ikkje så veldig gira på å gjere det igjen.

Ifølge ho bør ein heller starte med ei oppgåve, som å ta oppvasken eller reie opp senga si. Og gjenta den dagleg til det går av seg sjølv, før du legg til ei spesifikk oppgåve til på lista.

Lukke til!

Hallaisen!

Så kjekt at du har lest deg heilt ned hit.

Har du tips til andre saker eg bør skrive? Send meg ein e-post då vel!

Tidlegare har eg skrive om folk som bruker ting dei finn i skåpet til å bleika tenna, og kvar i Noreg ein kan ta dei beste instabileta.