– Eg synest det blir litt søkt. Det er plass til alle i løypene. La dei køyre både klassisk og skøytespor.
Torfinn Kristensen er ute på ski i Finnemarka i Lier og forstår ikkje heilt det forrykande engasjementet debatten som Drammens Tidende fyrst omtalte.
«Halvgamle skøytande mannfolk øydelegg mest»
Skogforvaltar Bjørn Ringstad sette nemleg sinne i kok hos mange skiglade, da han sa til avisa at det ikkje er syklistar eller gåande som øydelegg nykøyrde skiløyper, men folk som skøytar.
– Dei som øydelegg desidert mest i skiløypene er halvgamle mannfolk – som meg sjølv – som på død og liv skal skøyte. Det er ingenting som øydelegg spora meir enn dei, sa han til avisa.
Debatten tok etter det nærmast av i kommentarfelta, og den har også spreidd seg til andre delar av landet. Seinare har Ringstad fått munnkorg av kommunen og får ikkje lov til å uttale seg meir om saka til NRK.
For smalt for skøyting
Natur- og landbruksforvaltar Widar A. Tandberg i Drammen kommune får snakke. Han meiner debatten i kommentarfelt og elles har tatt litt av.
– Den har blitt oppblåst, men det er jo ein debatt som stort sett kjem kvar vinter. Om ein ventar til løypene har blitt harde, er det ganske uproblematisk. Når det er nykøyrd og blautt derimot, kan det øydelegge kvaliteten på løypene om ein skøytar.
I tillegg meiner han at skogsbilvegane skiløypene i Drammensmarka blir køyrd opp på, er for smale til at folk kan skøyte mellom spora.
– Hovuddelen av brukarane våre går klassisk, og me vil legge til rette for at flest mogleg kan bruke løypene våre. Det er vanskeleg for oss å prepare to spor for klassisk og ha skøytetrase i midten.Til det er skogsbilvegane for smale, seier Tandberg.
I nabokommunen Lier, som deler det populære skiområdet Finnemarka med Drammen, meiner dei det derimot er fullt mogleg å køyre opp løyper for begge stilartar.
– Me vil legge til rette for at flest mogleg skal kome seg ut på ski, uansett om ein er 100 eller 10. Ungane i dag synest ofte det er mest spennande å skøyte, og det er viktig for oss at dei og andre som er glad i skøyte ikkje berre må gå i små rundar ved ein skiarena, seier løypekøyrar Anders Haverstad, som også har delteke i debatten.
Frå løypemaskina fortel han at han heller køyrer berre opp eitt klassiskspor slik at det skal vere mogleg å skøyte, om vegen løypa går på er for smal.
Skøyting meir populært
I markaområda i og rundt Oslo meiner markasjef Espen Jonhaugen i Skiforeningen det er god plass for både klassisk og skøyting. Dei får heller ikkje mange klager på at skiløparar som skøytar øydelegg klassiskspora.
– I nesten alle løypene våre klarer me å få til to klassiskspor og skøytetrase i midten. Skogsbilvegane er som regel såpass breie, men me får stadig tilbakemeldingar frå folk som ynskjer seg fleire reine skøyteløyper, seier Jonhaugen, som merkar at skøyting blir meir og meir populært.
– Absolutt, me merkar godt at det er ikkje berre for eliten lengre.