Hopp til innhold

Skeptisk til væpna politi

Væpna politi på 17. mai kan skape større avstand mellom politi og barn, seier Forandringsfabrikken til Dagsavisen. Væpninga kan skremme barn med dårlege opplevingar med politiet, meiner dei.

Væpninga skjer for at politiet skal kunne handle raskt, seier politidirektøren. Det skal ikkje ha kome nokon konkrete truslar mot 17. maiarrangement.