Hopp til innhold

Sjukepleiarar vurderer å trekkje oppseiingane

Eit nytt forslag frå Oslo Universitetssjukehus kan føre til at fleire sjukepleiarar likevel vel å fortsette i jobben på thorax-klinikken.

Stine Molvær Nesseth

Tillitsvald Stine Molvær Nesseth håpar det nye forslaget gjer at fleire blir verande på thorax-klinikken.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Fleire sa at dei kunne vere villige til å trekkje oppseiingane sine. Akkurat antal er vanskeleg å seie, men det ser ut til at vi kan vere ein god gjeng som blir igjen dersom dette no kan snu.

Det seier Stine Molvær Nesseth, intensivsjukepleiar og tillitsvald ved Oslo Universitetssjukehus.

NRK har i dag fått bekrefta at det er lagt fram eit nytt forslag til ei løysing på konfliktane på thorax-klinikken.

Det vart teke opp på eit møte med mellom anna tillitsvalde og leiarar i dag.

Ifølgje fleire kjelder skal forslaget behandlast i et møte måndag formiddag.

Vurderer å bli verande

I førre veke sa 14 av 24 intensivsjukepleiarar opp jobbane sine på klinikken i protest mot sjukehusleiinga, og ytterlegare fem til varsla at dei ville gjere det same.

Leiinga ved OUS ynskjer å opprette ei felles avdeling for hjartekirurgi ved sjukehuset, slik at den eigne avdelinga på Ullevål forsvinn.

Det har dei tilsette åtvara mot.

Dei har òg vore bekymra for budsjettkutta som skal gjennomførast på sjukehuset, og nye turnusordningar som er varsla.

No har fleire sendt tydelege signal om at dei vurderer å trekke oppseiinga si dersom det blir ei anna løysing, og dermed sørgje for at drifta av klinikken kan fortsette.

– Vi føler at vi har fått til ein dialog, og berre det er kjempebra. Vi er ein gjeng litt meir optimistiske intensivsjukepleiarar no, seier Nesseth.

Les også Intensivsjukepleiarar fryktar for pasienttryggleiken: – Dei høyrer ikkje på oss

Stine Molvær Nesseth

Avgjerande for klinikken

OUS bekreftar til NRK at det ligg eit nytt løysingsforslag på bordet.

Dei vil ikkje seie noko meir enn det.

NRK erfarer at løysingsforslaget inneber å ha ein femdøgnspost på Ullevål i sommar, men at klinikken vil vere stengt i helgene.

Ifølgje NRKs opplysningar går dei også bort frå det opphavlege forslaget om å slå saman avdelinga på Ullevål og på Rikshospitalet allereie no, men at der framleis vil vere eit visst samarbeid i sommar.

– Vi sa til avdelings- og klinikkleiarane at den samanslåinga som det er forslag om no ikkje er gjennomførbar uansett, fordi ein mistar så mange tilsette, seier Nesseth.

Ullevål sykehus

14 av 24 intensivsjukepleiarar ved thoraxkirurgisk seksjon sa opp jobbane sine i protest i førre veke.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ho er derfor spent på kva som blir av forslaget som no skal leggjast fram.

Ho presiserer at ho ikkje har sett forslaget sjølv, og dermed ikkje veit i detalj kva det inneber.

– Det handlar i botn og grunn om å legge om drifta, slik at vi kan få ei velfungerande avdeling i sommar og til hausten, seier Nesseth.

– Kor viktig er det å få behalde denne kompetansen på Ullevål?

– Eg tenkjer at det er heilt avgjerande eigentleg. Mange av dei som har sagt opp er dei med lengst erfaring. Dei sitt på mange hundre års erfaring til saman, seier Nesseth.

Ho fortel at det har vore ei godt drifta avdeling med lite utskifting av tilsette, og at mange av dei har vore der i over ti år.

– Eg vil veldig gjerne ha tilbake kollegaene mine. Eg håpar dei ser ordentleg på dette forslaget, og at vi saman kan finne fram til ei god løysing, slik at vi mistar færrast mogleg sjukepleiarar frå avdelinga, seier Nesseth.

Les også Sykehuskrisa er en forsmak på det som vil treffe oss

Luftfoto fra fakkeltoget utenfor sykehuset i Mo i Rana.