Hopp til innhold

Statsråd erkjenner: Nye tryggingskrav er ikkje gode nok

Samferdselsministeren jobbar på spreng for å betre tryggleiken til bussjåførane. Samtidig innrømmer han at kravet som skal innførast ikkje er godt nok.

Fronten av en buss som nettopp har vært involvert i en møteulykke med en annen buss

Ein bussjåfør omkom etter ei møteulykke mellom to bussar i Fredrikstad i romjula. Den andre sjåføren vart alvorleg skadd. Bussane hadde ein fart på 40 kilometer i timen.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Ein bussjåfør omkom etter ei møteulykke mellom to bussar i Fredrikstad i romjula. Den andre sjåføren vart alvorleg skadd. Bussane hadde ein fart på 40 kilometer i timen.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Glas og ramme.

Det er det einaste som skil bussjåførar frå motgåande køyretøy dersom ei ulykke hender.

Bussbransjen har i årevis åtvara om den manglande tryggleiken, som har kosta minst ti bussjåførar livet sidan 2011. Seinast i romjula omkom ein bussjåfør i ei møteulykke i Fredrikstad.

Eit forslag om betre kollisjonstryggleik er på trappene. Ifølgje samferdselsminister Jon Ivar Nygård (Ap) vil tryggingskravet tre i kraft seinast 1. januar neste år.

Ei rekkje bransjeorganisasjonar NRK har vore i kontakt med meiner det foreslåtte tryggingskravet ikkje held mål.

No innrømmer også samferdsels­ministeren at tryggleiken til bussjåførane ikkje blir godt nok vareteken med den foreslåtte endringa.

– Som mange av bransjeaktørane, er eg er samd i at standarden som no blir innført ikkje gir tilstrekkeleg tryggleik for sjåførane, skriv Nygård i ein e-post til NRK.

Samderdselsminister Jon-Ivar Nygård og Ingvild Ytrehus, avdelingsdirektør for vegtrafikk og landforsvar i statens Havarikommisjon-

I februar var samferdselsminister Jon Ivar Nygård på besøk hos Statens havarikommisjon på Kjeller. Her er han avbilda med Ingvild Ytrehus frå havarikommisjonen. I bakgrunnen står ein av bussane som var involverte i dødsulykka i Fredrikstad.

Foto: LARS HÅKON PEDERSEN / NRK

Dette skal innførast

Tryggingskravet som no er til behandling hos departementet vart sendt på høyring av Statens vegvesen i fjor.

Forslaget inneber at alle nye bussar må utstyrast med ein stålbjelke i midten av fronten på bussane.

Bildet av fronten av en buss for deler av fronten er fjernet for å vise en stålbjelke i fronten av bussen.

Slik ser konstruksjonen som samsvarer med det nye kravet ut. Biletet er teke i 2011 og viser ein Mercedes-Benz-buss.

Foto: Mercedes-Benz / Statens havarikommisjon

Meir enn halvparten av høyringssvara som kom inn påpeika at det er nødvendig med endå betre tryggleik.

Vegvesenet anslår at tryggingsoppgraderinga vil koste rundt 30.000 kroner per buss.

illlustrasjon av lastebil, buss, bil og buss.

Dagens krav til kollisjonstryggleik for ulike køyretøy er markert i grønt. Markert i gult er frivillige tiltak som er installerte i enkelte bussar.

Illustrasjon: Statens havarikommisjon

Vil uansett oppfylle kravet

Ei kartlegging Kollektivtrafikk­foreininga har gjennomført viser at alle offentlege kollektivselskap allereie krev at nye bussar blir leverte med kollisjonsvern i fronten.

– Vi visste at veldig mange hadde det, men vi visste ikkje at det var mange, seier dagleg leiar Olov Grøtting.

Dei representerer dei store offentlege kollektivselskapa i Noreg.

Olov Grøtting, daglig leder i Kollektivtrafikkforeningen.

Dagleg leiar i Kollektivtrafikkforeningen Olov Grøtting.

Foto: Kollektivtrafikkforeningen

Fleire møteulykker

I romjula omkom ein bussjåfør i 50-åra etter ei møteulykke mellom to bussar i Fredrikstad. Den andre sjåføren vart alvorleg skadd, og måtte amputere eit bein.

Dette er den tredje møteulykka på seks år der ein bussjåfør har mista livet.

Røde roser er lagt ned og lys er tent i veikanten like ved Fredrikstadbrua i Fredrikstad. På veien til høyre i bildet kjører en rutebuss fra Østfold kollektivtrafikk.

Ein bussjåfør omkom i møteulykka mellom to bussar i Fredrikstad 28. desember i fjor.

Foto: Benjamin Vorland Andersrød / NRK

Mellom 2011 og 2020 var 240 bussar involverte i møteulykker, viser tal frå Statens vegvesen. Åtte bussjåførar omkom i desse ulykkene.

Statens havarikommisjon undersøkjer alvorlege trafikkulykker. Dei har fleire gonger teke til orde for at bussjåførar bør bli betre sikra.

– Undersøkingane våre har vist at kollisjonstryggleiken for buss er lågare enn for andre køyretøygrupper, sa Ingvild Ytrehus i havarikommisjonen til NRK i februar.

Vil skjerpe internasjonale reglar

I dag finst det ingen nasjonale eller internasjonale krav til kollisjonstryggleik i fronten av bussar.

Sjølv om bransjen har teke tryggleiken i eigne hender, meiner Grøtting i Kollektivtrafikkforeningen det er bra at regjeringa vil lovfeste kravet.

– Noreg er i forkant, og då tenkjer eg det er veldig rett og viktig at det blir forskriftfesta, seier Grøtting.

Samferdselsminister Nygård opplyser til NRK at han vil jobbe vidare for å auke tryggleiken til bussjåførane.

Vi vil arbeide vidare både med å vurdere ytterlegare skjerpa krav til nasjonal løyvepliktig transport, og prøve å påverke det internasjonale arbeidet med regelverk.

Les også Ingen krav til tryggleik: – Vi risikerer at fleire døyr på jobb

Bussulykke i Fredrikstad.

Les også Vil ta minst ti år før ein busspark er oppgradert

To busser kjører over Fredrikstadbrua.

Les også Bussbransjen krever handling etter nok en dødsulykke

To busser med massive skader etter en frontkollisjon. En arbeider står foran den ene bussen.

Les også Granskar dødsulykke: – Bussjåførar bør verta betre verna

Totalskadd buss etter ulykke i Fredrikstad i romjulen 2022. Bussene blir undersøkt av statens havarikommisjon.