Hopp til innhold

Ser lyst på framtida i reiselivsbransjen

Ein skulle kanskje tru det siste året ville verke avskrekkande på folk som vurderer reiseliv som ein mogleg karriereveg. Men på Norsk Reiselivsfagskule på Geilo er søkartalet dobbelt så høgt i år som i fjor.

Mikkel Magnussen (f.v.) og Kees Oscar Ekeli, direktør i Bjørneparken i Flå.

Mikkel Magnussen (f.v.) på synfaring hjå direktør Kees Oscar Ekeli i Bjørneparken i Flå.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Ja, reiselivet er ganske nede no. Men eg trur at når eg er ferdig, så vil me sjå ein auke. Så får me håpe då, at næringa veks i takt med dei endringane eg trur vil skje, seier Mikkel Magnussen, elev ved Norsk Reiselivsfagskule.

Trur på ei framtid i reiselivet

Han let seg ikkje skremme av prat om inntektstap, konkursar og permitteringar i bransjen.

Og det er han ikkje åleine om. Reiselivsfagskulen opna hausten 2020, då med 34 søkarar gjennom Samordna opptak. No er søkartalet dobbelt så høgt.

Elles i landet er det rekordmange som har søkt seg inn på fagskule denne våren, med 12 806 søkarar. Dette er ein auke på 37,4 prosent frå i fjor.

Mikkel Magnussen, elev ved Norsk Reiselivsfagskole.

- Ja, eg ville valt reiseliv igjen, seier Mikkel Magnussen.

Foto: Caroline Utti / NRK

Sjølv er Magnussen halvvegs i skuleløpet, og for tida i praksis hjå destinasjonsselskapet Flå Vekst. Der hjelper han til med å finne ut korleis kommunen best kan marknadsføre seg som stoppestad, både under og etter pandemien.

– Er det noko næringa ber om, så er det fagutdanna reiselivspersonell. Og eg trur me frå reiselivsfagskulen vil kunne utnytte det veldig godt, etter som koronaen forhåpentlegvis er over når me er ferdige - og me då kan kome rett ut i arbeid.

Eit pusterom

Medelev Trym Kristoffersen Julshamn jobbar for tida med opplevingsturisme hjå Stad Surfing. Også han har minst like stor tru på ei framtid i reiselivsbransjen no som for eit år sidan.

– Det er mykje som er skummelt i livet - men å studere reiseliv er nok ikkje noko å frykte, seier han.

Trym Kristoffersen Julshamn, elev ved Norsk Reiselivsfagskole.

Trym Kristoffersen Julshamn drøymer om å jobbe på ein destinasjon som Stad etter enda reiselivsfagskule.

Foto: Mathilde Hasti Leversund

Han trur det siste året har vore eit nyttig pusterom for mange reiselivsaktørar, trass i inntektstap og stengde dører.

– Det gjelds å bruke omstillinga til sin eigen fordel. Og vera med på utviklinga, i staden for å hengje seg opp i det som er vanskeleg.

Trym Kristoffersen Julshamn, elev ved Norsk Reiselivsfagskole.

Trym Kristoffersen Julshamn er elev ved Norsk Reiselivsfagskule på Geilo.

Foto: Mathilde Hasti Leversund

– Kjenner du på ein form for ansvar for å vera med å hjelpe bransjen vidare?

– Det er jo klart. I alle fall me som er studentar, og som ser korleis det har gått for mange aktørar, seier Julshamn.

Tilbod og etterspurnad

Pandemi eller ei - reiselivet er like fullt ei næring i vekst. Dermed er det liten tvil om at det også stadig vil vera behov for utdanna arbeidskraft.

Administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold, klappar difor i hendene for søkarrekorden til fagskulen på Geilo.

– Eg tek det som eit signal på at folk skjønar at denne covid-krisa går mot slutten, og at reiselivet er ei langsiktig næring som vil vera viktig i tiår framover.

Kristin Krohn Devold

Kristin Krohn Devold, administrerande direktør i NHO Reiseliv.

Foto: Håkon Mosvold

Ho meiner endra kjøpevanar er ein av fleire årsaker til at bransjen held seg attraktiv særleg blant unge folk.

– Etterspurnaden etter å kjøpe opplevingar er aukande, sett opp mot det å kjøpe ting. Det handlar også om medvit kring klima. Og det gjer at ungdommar føler seg trygge på at reiselivet er ei næring i vekst.

– Kva tenkjer du om utsiktene til å få jobb, for dei som vel fag- eller høgskuleutdanning innan reiseliv no?

– Eg trur det er veldig gode moglegheiter. Reiselivet skapte 50.000 nye arbeidsplassar mellom 2013 og 2019, og eg trur at den veksten vil me også sjå vidare - frå 2021 og fram mot 2025.