Hopp til innhold

Over 60 prosent opplever at dei blir diskriminert av Oslo kommune

I ein ny rapport om Oslo kommune kjem det fram at over 60 prosent av folk med innvandrarbakgrunn meiner dei har opplevd diskriminering i møte med kommunen det siste året.

– Dette er alvorlege tal. Vi ønsker å vere ein kommune for alle, både som tenesteyter og arbeidgiver, seier Rina Mariann Hansen (Ap).

Ho er byråd for arbeid, integrering og sosiale tenester i kommunen, og seier dei skal sjå kva dei kan bli betre på med utgangspunkt i rapporten.

Både Antirasistisk senter og Minotenk meiner rapporten talfestar erfaringar dei allereie er kjent med. Lisa Esohel Knudsen frå Minotenk er glad for at kommunen har kartlagt dette for første gong.

Ho meiner det er viktig å få på plass betre varslingssystem for rasistiske hendingar.

– Vi ønsker at det skal vere enklare å seie frå, for eksempel gjennom kommunen sine eigne nettsider.

Også Hatem Ben Mansour, fungerande dagleg leiar i Antirassistisk senter, meiner varslingsrutinar er viktige. Han trekk fram Nav som eit eksempel der det ikkje er gode interne varslingssystem.

– Då må ein jo gå til sosialombudet eller likestillings- og diskrimineringsnemnda, og det er store og tidkrevjande prosessar.

Rapporten er gjennomført av Kifo, institutt for kyrkje-, religions- og livssynsforsking, på bestilling frå kommunen. Han har kartlagt korleis forskjellige innvandrargruppar opplever Oslo kommune gjennom helsevesen, skule, Nav, barnevern, eller som arbeidsgiver.

Oslo rådhus
Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK