Statsforvalteren i Oslo og Viken avsluttar tilsynet etter barskytinga i Oslo, der to personar mista livet. Dei mistenkjer ikkje svikt i behandlinga, skriv dei i ei pressemelding.
Tilsynssaka vart oppretta 28. juni. Målet var å undersøke korleis helse- og omsorgstenesta hadde behandla Zaniar Matapour dei siste fem åra.
Statsforvaltaren har avslutta tilsynssaka, fortel fylkeslegen.
Foto: Azad Razaei / NRK– Vi har konkludert, etter å ha gått nøye gjennom den dokumentasjonen med våre legar og juristar, at det ikkje er noko grunn til å mistenke svikt i helsetenesta, seier fylkeslege Anne Hilde Crowo til NRK.
Det er fire verksemder som har sendt inn dokumentasjon: Oslo kommune, Oslo universitetssjukehus, Diakonhjemmet sjukehus og Lovisenberg Diakonale sjukehus.
Oslo universitetssjukehus er ein av verksemdene som er undersøkt. Her frå 25. juni etter skytinga.
Foto: Simon Solheim / NRK– Denne saka har vi prioritert og jobba intensivt med, understrekar fylkeslegen.
No som dei har konkludert i saka, er den avslutta.
– Tek det til etterretning
Forsvarar av den sikta, Bernt Heiberg, seier dei er informert om konklusjonen i saka.
– Vi tek det til etterretning, seier han.
Heiberg seier dei forstår konklusjonen slik at den sikta har fått forsvarleg helsehjelp.
Forsvararane har tidlegare sagt at dette er viktig å undersøke.
– Det er altså ikkje eit uttrykk for om han er sjuk eller ikkje, men at han har fått den hjelpa han har krav på, understrekar Heiberg.
Kva som ligg i denne konklusjonen er han meir forsiktig med å kommentere, sidan dei ikkje har innsyn i dokumenta statsforvaltaren legg til grunn.
Matapour er ikkje informert om konklusjonen.
– Sikta er varetektsfengsla i full isolasjon, med medieforbod, så han får inga informasjon om det som skjer på utsida.