Hopp til innhold

Oslo Pride ventar med arrangement til etter sommarferien

I går vart trugselnivået i Noreg sett ned frå høgste nivå, nivå fem, til nest høgste nivå, nivå fire. Politiet i Oslo har sagt at dei vil vurdere kvart enkelt offentleg arrangement no.

Oslo Pride presiserer likevel at dei ikkje vil arrangere noko i Oslo akkurat no. Dei skal diskutere vegen vidare med det skeive miljøet etter sommarferien.

Likevel meiner leiar i Oslo Pride, Inger Kristin Haugsevje, at det er viktig at resten av landet gjennomfører planlagde arrangement.

– No er det viktigare enn nokosinne å delta på pride i bygda og i byen du bur, seier ho.

Ho oppmodar alle til å slå ring om sine skeive, og at dei støttar opp om lokale markeringar.