Hopp til innhold

Open dag på Utøya

I dag er Utøya open for alle. Øya som var åstad for terrorhandlinga 22. juli 2011 blir tilgjengeleg for publikum. AUF stiller med båtskyss.

Utøya

I dag kan folk ta ferja til Utøya og rusle rundt som dei vil. AUF ønskjer at øya ikkje skal opplevast som utilgjengeleg for dei som ønsker å sjå øya.

Foto: Petter Strøm

– Det er nok mange som har følt at Utøya ikkje har vore tilgjengeleg etter terrorhandlingane, seier dagleg leiar for Utøya, Jørgen Frydnes. Utover sommaren kjem det til å bli fleire moglegheiter til å sjå øya slik den er i dag.

Alle er velkomne

I dag, torsdag er det opent for både pårørande, etterlatne og folk flest på Utøya. Frå fredag av vil det vere noko oppussing av bygg og liknande. Det er då venta at gamle og nye medlemmar frå AUF vil ta turen.

Utøya

Det har ikkje vore arrangert leir på Utøya sidan terroren 22. juli 2011. AUF håper dei kan ha sin sommarleir på øya neste år.

Foto: NRK

– Vi passar på at bygga held seg, med litt måling og vedlikehald, seier Frydnes.

Førebels er det ikkje sett i gong noko nybygging på øya, i samråd med pårørandeforeininga for dei som vart råka av terroren for tre år sidan. Politisk rådgivar i AUF, Håkon Knudsen, seier til NRK at ein håper på å halde den første sommarleiren på øya sidan 2011 neste år.

Les og: Riksantikvaren vil ikke frede Utøya

Avduking av Utøya-minnesmerke utsatt i ett år

Fleire moglegheiter

Båttransport til Utøya vil ha avgang klokka 10.00, 12.00 og 14.00 kvar dag, med avgang frå Utøya eit kvarter tidlegare. Siste båt frå øya går klokka 16.00. Båttransporten er gratis.

Det blir og liknande moglegheiter seinare i sommar. 25. til 29. juni vil det vere opne dagar på Utøya igjen.