Hopp til innhold

Har endra unnarennet i Vikersund: – Vil jage ny verdsrekord

Arrangørane har laga ny snøprofil og meiner det vil gje fleire lange hopp. NRK-ekspert Johan Remen Evensen trur dei er ute etter å legge press på Planica som gjerne vil ta tilbake verdsrekorden.

Skihopping i verdens største bakke, Vikersund

Arrangørane trur ein kan få sjå enda fleire hopp over 230 meter med den nye snøprofilen.

Foto: Marius Dalseg Sætre

Når hopparane kjem til Vikersundbakken på fredag, vil dei merka ei endring av unnarennet når dei flyg ned i rundt 110–115 kilometer i timen.

Har vore for bratt

Bakkemannskapa har bygd opp med nærmare to meter med snø i overgangen mellom unnarenn og sletta.

RAW AIR,Vikersundbakken.

Ole Gunnar Fidjestøl meiner ein får sjå fleire lange hopp i Vikersund til helga i strålande vêr.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Dei har laga ein ny snøprofil.

Det meiner rennleiar Ole Gunnar Fidjestøl skal gjere det både meir krevjande å fly langt, men også lettare å lande på lange hopp.

– Bakgrunnen er at bakken har vore for bratt i den siste delen av svevet. Nå blir det lettare for juryen å sette fart. Håpet er at det ikkje skal bli så stor avstand mellom dei kortaste og lengste hoppa, seier Fidjestøl.

Blir mogleg å stå på lengre lengder

NRKs hoppekspert, Johan Remen Evensen har god tru på at endringa i snøprofilen kan føre til lengre hopp.

Johan Remen Evensen

Johan Remen Evensen trur arrangørane alltid har lyst til å strekkje på verdsrekorden og kjenner presset frå slovenske Planica.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Profilen blir lengre på bakken, som igjen gjer at verdsrekorden kjem høgare opp. Da blir det mogleg å stå på enda lengre lengder.

– Gjer dei dette for å strekke enda meir på verdsrekorden?

– Det er jo det eg trur dei aller helst vil i Vikersund. Planica har ein bakkerekord som er like bak og det vil bli hoppa langt der også helga etter. Kanskje dei med denne endringa kan jage ein meter eller to på verdsrekorden, seier Evensen.

Tande og Stöckl er skeptiske

Landslagssjef Alexander Stöckl er skeptisk til om det er mogleg å hoppe mykje lengre enn verdsrekorden til Stefan Kraft på 253,5 meter frå i fjor.

Tande, Lillehammer

Daniel-André Tande trur det blir vanskeleg å hoppe lengre enn Stefan Kraft og Robert Johansson gjorde i fjor.

Foto: Geir Olsen, Geir Olsen / NTB scanpix

– Det er mogleg å nå, men ikkje mykje lengre. Eg blir nok overraska om det blir ny verdsrekord i år, seier Stöckl.

Daniel-André Tande er også tvilande til at me får oppleve ein ny verdsrekordhelg som i fjor.

– Det er eg usikker på. Det kjem heilt an på forholda. Du skal ha alt perfekt tilrettelagt om det skal vore mogleg å hoppe så mykje lengre enn Kraft gjorde, seier Tande.

Stefan Kraft satte kveldens andre verdensrekord med et hopp på 253,5m i Vikersund.

Stefan Kraft satte ny verdensrekord den 18. mars 2017 med et hopp på 253,5 meter.

– Alltid mogleg med verdsrekord

Fidjestøl er tydeleg på at det ikkje blir lettare å hoppe langt med endringa, men at gode flygarar vil ha ein fordel.

– Det er ikkje primært gjort for å få ny verdsrekord, men samtidig tek me gjerne imot det. Dette vil gagne dei gode flygarane.

– Det er alltids mogleg med verdsrekord, eg har eigentleg ikkje trudd det var mogleg dei gongene det har skjedd heller, ler den tidlegare verdsmeisteren i skiflyging.

RAW AIR,Vikersundbakken.

Amerikanske Kevin Bickner var ein av dei som falt på lange lengder i fjor. Med den nye snøprofilen skal det bli lettare å stå på 230 meter og utover.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix