– Reint vatn held, seier Øistein Svanes.
Såper og reingjeringsmiddel er gjerne fast inventar både i private heimar og i vasketrallene til profesjonelle reinhaldsarbeidarar.
Men kjemikaliane bør veljast bort, meiner Svanes. Han er lungelege ved Sjukehuset Østfold og har forska på samanhengen mellom vaskemiddel og lungesjukdom.
– Særleg vaskemiddel i sprayform bør unngåast fordi det blir til dropar i lufta. Det er ikkje meint til å komme inn i lungene dine.
Øistein Svanes, seksjonsoverlege ved lungeavdelinga på sjukehuset Østfold Kalnes.
Foto: Sykehuset ØstfoldI arbeidet med doktorgrada si undersøkte han kva konsekvensar eksponering for reinhaldsmiddel har på luftvegshelsa på kort og lang sikt.
Det er spesielt eitt funn som bekymrar legen.
– Barn av reinhaldsarbeidarar hadde høgare risiko for astma og astmasymptom før ti års alder. Det er urovekkjande å sjå at barn også kan påverkast av yrkesvala til mødrene, seier Svanes.
Åtvarar mot spray-reingjering
Det har tidlegare vore kjent at vaskemiddel i sprayform kan vere helseskadeleg for den som er direkte utsett.
Lungelegen meiner alle, ikkje berre reinhaldsarbeidarar, bør vere ekstra forsiktige viss dei brukar vaskemiddel i sprayform.
– Viss du skal bruke reingjeringsmiddel i sprayform, er det lurt å spraye direkte på ein klut i staden for ut i fri luft. Innhaldet i sprayflaska er ikkje meint å puste inn, seier han.
Jarus Pettersen har i over 19 år jobba som reinhaldsarbeidar i Fredrikstad. Ho trivst godt i jobbar der ho vaskar ulike flater i fleire bygg.
Jarus Pettersen vatnar ut dei sterkaste reingjeringsmidlane. Ho bruker også munnbind enkelte gonger der ho må bruke spray.
Foto: Rahand Bazaz / NRKHo er klar over risikoen ved ulike vaskemiddel i sprayform.
– Alle kan ikkje bli reinhaldsarbeidarar i dag. Du må ha god kunnskap om det du brukar, og derfor er vi forsiktige, seier Pettersen.
Reingjeringsmiddel som inneheld store mengder kjemikaliar kan også gi forgiftingssymptom på den som blir utsett for det.
– Eg har jobba stader der vi må bruke munnbind før du sprayar på. Det er viktig at vi får informasjon om staden vi skal vaske, men også at vi kjenner produkta godt, seier ho.
Pettersen har lang erfaring i reinhaldsbransjen.
Foto: Rahand Bazaz / NRKStadfesta mistanke
LHL, tidlegare kalla Landsforeninga for hjarte- og lungesjuke, meiner den nye forskinga er spennande.
Generalsekretær Helle Grøttum i LHL Astma og allergi synest dei nye forskingsresultata er spennande.
Foto: Eirik Harstad– Det er forska for lite på langtidsverknader. At han har forska på verknaden for framtidige generasjonar er spennande, seier generalsekretær Helle Grøttum i LHL Astma og allergi.
Noregs Astma og Allergiforbund (NAAF) seier forskinga stadfestar ein mistanke dei lenge har hatt.
– Det er ikkje ulogisk at dette har ein samanheng, men det er bra at han no har sett nærare på det, seier Mona Marthinussen, regionssekretær i NAAF Østfold.
– Kjemiske ting du får i deg kan påverke barnet ditt viss du er gravid. Det blir som å røykje under svangerskapet.
Reinhaldsarbeidar Jarus Pettersen deler gjerne sitt beste tips for vasking.
Den lange erfaringa i reinhaldsbransjen har lært henne eit spesielt grep som alltid fungerer – heilt utan risiko for kjemikaliar.
– Vatn og mikrofiberklut. Det fungerer best og er effektivt, seier ho.
Jarus Pettersen meiner ein mikrofiberklut og litt vatn fungerer godt nok til det meste av vasking.
Foto: Rahand Bazaz / NRK
Tenker du på noe?
Hei!
Har du lyst til å tipse meg om en mulig sak? Ta gjerne kontakt på e-post.