Hopp til innhold

Meiner furu har fått eit ufortent rykte

Nordmenn elskar bjørk som fyringsved, men det finst andre gode og billigare alternativ, meiner Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved – Forum for vedprodusenter.

Øyvind Stranna Larsen

Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved – Forum for vedprodusenter meiner nordmenn i større grad bør velje furu og gran som fyringsved.

Foto: Norsk Ved / Norsk Ved

Høge straumprisar har ført til ein raudglødande vedmarknad. Prisane på bjørk har stige dramatisk, og vedlagera er i ferd med å gå tomme, lenge før kulda set inn for alvor.

Bjørk er førstevalet for vedfyrande nordmenn. Med god grunn. Den harde veden gir mest valuta for pengane når det gjeld rein brennverdi. 70–80 prosent av vedsalet i Noreg er bjørkeved.

Men det finst gode alternativ.

Furu fungerer i vedomnen

– Vi har ca. 30 tresortar i Noreg som kan brukast som ved. Furu og gran har litt mindre energi, men eignar seg veldig godt til fyring på hausten eller om våren. Furu har berre 12 prosent lågare brennverdi enn bjørk, medan gran har 24 prosent lågare energiinnhald, seier fagansvarleg Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved – Forum for vedprodusentar.

Han meiner folk i for stor grad har hengt seg opp i bjørkeved som det einaste rette.

– Mange trur at furu sotar mykje. Det stemmer ikkje, seier Stranna Larsen.

Vedfyring

Nordmenn føretrekkjer å fyre med bjørk, men det finst gode alternativ.

Foto: Erlend Aas, Aas, Erlend

Han viser til forskarar på SINTEF som har konkludert med at furu er utmerka ved, då den ikkje skaper spesielle problem verken i omn eller pipe.

– Det er viktig at folk bruker ved frå levande furu. Døde, tørre furustammar er ofte fulle av tyri, som gir mykje sot. Desse døde furutrea er også veldig viktige for det biologiske mangfaldet, og dei må få stå i fred, seier Stranna Larsen.

Les også Rekorddyr ved kan gjere det billigare å fyre med straum

Ken Jarle Johansen og Odd Atle Stegegjerdet med ved på ATS i Luster.

Gran er òg eit rimeleg og godt alternativ. Ho brenn opp raskare, men gneistar kan skape problem i ein open peis.

Stranna Larsen tilrår likevel bjørkeved på dei kaldaste vinterdagane.

Billigare blandingsved

Vedprisane varierer sterkt akkurat no. Ein liten sjekk viser likevel at det kan vere mykje pengar å spare på å nytte seg av andre tresortar enn bjørk. Ein sekk med 1000 liter blandingsved kan du få til under tusenlappen, medan bjørk kan koste det tredobbelte.

– Det er aldri nokon som spør etter anna enn bjørk, fortel vedprodusent Sjur Grøterud i Numedal.

Han er samd i at både furu og gran er gode fyringsalternativ, men for mange vedprodusentar er det lite poeng i å tilby desse tresortane.

– Det er like mykje jobb for meg, uavhengig av kva tresort eg høgg. Då blir det til at eg vel bjørk, som har høgare pris, seier Grøterud.

Les også Vedprodusenter er allerede tomme: – Det er helt vanvittig

Gårdbruker Thore Larsen

Fleire andre vedprodusentar seier det same. Å tilby furu eller gran, kostar meir enn det smaker.

Dersom lagera går fullstendig tomme for bjørk, trur Grøterud at mange vedprodusentar vil gå over til andre tresortar.

Han åtvarar mot å kjøpe ustabla ved i store sekker.

– Mange tilbyr ustabla ved i 1000 liter-sekker. Då risikerer du å betale mykje for luft, seier vedprodusenten frå Numedal.

Øyvind Stranna Larsen i Norsk Ved er ikkje samd.

– Ein 1000 liters sekk med ustabla ved veg ifølgje norsk standard 300 kilo. Ein stabla sekk med bjørk veg 407 kilo, ifølgje norsk standard. Dei seriøse i bransjen sel ustabla ved i sekker billigare, seier Stranna Larsen.

Han oppmodar kundar til å spørje vedprodusentar om prisen per kWt.

Egenvekt og energi-innhold i forskjellige treslag

Treslag

Egenvekt, kg per kubikkmeter

Kwh per kubikkmeter ved 17% fuktighet

Kristtorn

675

3496

Barlind

600

3107

Bøk

570

2963

Ask

550

2859

Eik

550

2859

Alm

540

2807

Lerk

540

2796

Lønn

530

2755

Rogn

520

2703

Hassel

510

2641

Bjørk

500

2589

Hegg

490

2538

Furu

440

2287

Svartor

440

2287

Lind

430

2235

Selje

430

2235

Osp

400

2079

Gran

380

1975

Gråor

360

1864

Ekspander/minimer faktaboks

Les også Dette bør du tenke på før du kjøper ved

Øyvind Stranna Larsen

Flere nyheter fra NRK Buskerud