– Vi har fått ein del meldingar om observasjonar av nordlys i natt, også i Osloområdet. Det er ikkje ofte det går så langt sør, seier meteorolog Eldbjørg Moxnes.
Ho fortel at det gjerne er nokre episodar gjennom nordlyssesongen.
Nordlys på Bjerke.
Foto: Maia Kristine Loen KummenejeNordlys på Bjerke
Foto: Maia Kristine Loen KummenejeNordlys på Ullerntoppen.
Foto: Angelica GarciaNordlys ved Våler i Østfold.
Foto: Harry Øistein SivertsenDen er i hovudsak frå oktober til mars, når det er mørkast ute. Ein er og avhengig av at det er klarvêr, slik at skyar og tåke ikkje dekker det til.
– Sesongen har akkurat starta, så det kjem nok fleire moglegheiter. Men det er sjølvsagt meir vanleg lenger nord i landet, enn her på Austlandet, seier ho.
Derfor får vi nordlys
Wojciech Miloch er professor ved UiO og kan mykje om romfysikk.
Foto: Universitetet i OsloKP-indeks er ein skala frå null til ni. Den brukast for å seie kor sannsynleg det er å sjå nordlys, som kjem av solvind.
– Solvind er masse partiklar med mykje energi som blir slengt ut frå sola i enorm hastigheit, og flyg gjennom verdsrommet, forklarer Wojciech Miloch.
Han er professor ved Universitetet i Oslo, og kan mykje om blant anna plasma- og romfysikk.
Desse partiklane kan treffe jorda. Men ingen fare, forsikrar Miloch: vi er beskytta av eit magnetfelt.
«Georginar framleis i full blomst, mens nordlyset dansar på himmelen», skriv Eva på Instagram. Ho tok dette biletet i Gjerdrum i natt.
Foto: Eva PistejovaNår solvinden er sterk dyttar den på magnetfeltet som er rundt jordkloden.
Nokon partiklar sprett vidare ut i verdsrommet, mens andre lekk gjennom og blir fanga rundt jorden.
Der reiser partiklane mot Nord- og Sørpolen, som er magnetiske.
– Og igjen, ingen fare! Dei stoppar når dei er 100–200 kilometer over hovudet vårt, så det er ikkje farleg å bu i nord, seier Miloch.
Der flyg dei og kolliderer med gassane i atmosfæren.
– Når gassane blir treft får dei ny energi. Da hoppar elektrona i atoma, men det er slitsamt å ha mykje energi heile tida, så da sender dei energien ut igjen i form av lys, forklarar forskaren.
Himmelen lyste grønt over Holmenkollen.
Foto: Stefan ShinkevichKP-indeksen er litt svakare natt til torsdag, men det er likevel ikkje umogleg at det vil dukke opp, meiner Moxnes.
– Det var nok best moglegheiter i natt, men det ser ut som det blir klarvêr også natt til torsdag. Så da blir det kanskje fleire moglegheiter, i kvart fall frå Oslo og oppover, seier meteorologen.