Uvêret har lagt seg. No startar oppryddinga.
Etter å ha budd nokre dagar på Geilo, er Einar Breie heimom for å sjå kva «Hans» har stelt i stand.
Tysdag 8. august gjekk det to store jordras i lia over Breie i Ål.
No er huset til Einar delt i to.
Vegen framover er uviss.
Det gjer inntrykk å sjå kor store krefter som har vore i sving.
– Me har jo planar om å byggje det opp att, viss me får lov. Eg vil i alle fall flytte attende. Men det er litt delt her no.
Einar har fått eit nytt tidsperspektiv;
«Før og etter skredet».
Sjølv om ting sikkert blir bra til slutt, så blir det aldri slik det var.
Nabohuset er knust.
Berre taket ligg att.
Den no uformelege haugen tilhøyrer Hilde Breie.
Ho kom seg ut ein time før «Hans» slukte heimen hennar.
– Det er mange i Breie som ikkje tør å bu i husa sine. Dei bur i hytter og på hotell fordi dei er redde.
Hilde er ikkje redd.
Garden har vore i familien hennar gjennom fleire generasjonar.
Ho er fast bestemd på å byggje han opp att.
– Me trudde me skulle halde det unna med pumper og greier. Trudde det skulle bli ein «vanleg» flaum.
Vaktmeisteren på Gol campingsenter har nok å hengje fingrane i den nærmaste tida.
Det er søppel og vrakrestar overalt.
Badebassenget er fullt av jord.
Takstmannen som kjem for å vurdere skadene har ikkje sett maken.
– Skadeomfanget er enormt. Det er det ingen tvil om. Eg har sett mykje tidlegare, men aldri av denne dimensjonen.
Men vaktmeister Etterlid let seg heldigvis ikkje overmanne.
Dette er trass alt det han likar med å jobbe på campingplass - at ingen dag er lik.
– Det er berre å hive seg rundt, spytte i nevane, og gå på.
I ein hage i Nesbyen sentrum ligg alle tenkelege bildelar spreidd utover.
Motorar, skruer og verktøy.
Dan Johansen Lundahaug er lidenskapeleg opptatt av alt som putrar og går på hjul.
Over lang tid har han samla saman delar som elles kan vera vanskelege for folk å få tak i.
For ei stund sidan fekk han endeleg kjøpt seg hus med lagringsplass og verkstad.
Så vart han ramma av flaum.
No er alt marinert i gjørme og vatn.
Dan dreg på seg gummihanskane og begynner å vaske.
– Eg må få vaska det før det rustar. Og før gjørma sett seg, for det blir nestan som betong.
Heldigvis finst det hjelp og få.
Lokale eldsjelar har starta Facebook-gruppa «Hallingdugnad».
Der organiserer dei dugnadsarbeid hjå folk som er ramma av flaumen.
Initiativet har vekt stort engasjement.
Dei frivillige strøymer til med bilar og hengjarar.
Dei riv, ryddar og kastar det som flaumen har øydelagt.
– Me står på til alle som treng det har fått hjelp. Nesbyen er ei lita bygd, men med eit stort hjarte.
Jan Erik Schau viser fram eit bilete han tok sist veke:
Årets vinterved i fri flyt på gardsplassen.
Då Storelva steig, vart delar av Hønefoss ståande under vatn.
Jan Erik og kona veit ikkje når dei kan flytte heim.
Huset deira er framleis sperra av, og det er uvisst kor mykje som krevst for å få det i stand att.
– Det er mykje kjensler, særleg for kona. Det er jo barndomsheimen hennar.
Medan dei har vore evakuert, har Jan Erik prøvd å berge campingvogna ved Mjøsa.
Også den vart tatt av flaumen.
No prøver han å berge veden som ligg strøydd rundt i nabolaget i Hønefoss.
– Eg tippar at noko har reist rett ut i elva, så eg reknar ikkje med å finne att alt.
Nok ein lang arbeidsdag på Drammensfjorden er over.
Oppryddingsbåten «Oljevern 02» skal leggje til kai.
Mannskapa jobbar frå klokka 07 til 22.
Dei har bokstaveleg tala eit hav av søppel å rydde opp.
– Det er ikkje moro, men det må gjerast. Å treffe ein tømmerstokk med lystbåt kan vera veldig farleg.
Om bord ligg det «Hans» har drege med seg ned gjennom Drammensvassdraget og ut i fjorden.
Plastbåtar, stolar og gammalt treverk.
Og kanskje ein og annan vedkubbe frå Hønefoss.