Hopp til innhold

Kim Erik kan berre køyre 10 mil – no kjem ladestasjonane

Transport står for 30 prosent av klimautsleppa i Noreg. Eigne ladestasjonar for lastebilar skal bidra til at fleire går over til elektrisk.

Kim Erik Petersen, sjåfør for Schenker i Drammen

Kim Erik Petersen har køyrt el-lastebil dei siste månadene. Sjølv om turane er korte, vil han ikkje gå tilbake til fossilt.

Foto: Anders Haualand / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er litt rart. Ikkje noko bråk eller lukt av diesel, seier Kim Erik Petersen.

Han køyrer ein av veldig få el-lastebilar i landet.

Køyrelengda er ikkje lenger enn 10 mil, men han køyrer stort sett berre i Drammen, så lengda blir ikkje eit problem.

– Eg har vorte litt glad i det. Når eg trakkar på gassen, så reagerer bilen med ein gong. Og så er det herleg at det er heilt stille.

Kim Erik Petersen, sjåfør for Schenker i Drammen.

Kim Erik Petersen.

Foto: Anders Haualand / NRK

Verre hadde det vore om han skulle køyrt lengre etappar. Skal ein frakte noko med lastebil mellom Oslo og Stavanger, må ein køyre fossilt.

Det ønskjer regjeringa å endre.

Står for 30 prosent av utsleppa

– Når det gjeld dei vanlege bilane våre, har vi komme langt på veg med nullutslepp i Noreg. No er det tungtransporten som står att, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Jon-Ivar Nygård, samferdselsminister

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Transportsektoren står for 30 prosent av dagens utslepp. Derfor har regjeringa sett seg eit mål om at innan 2030 skal halvparten av nye lastebilar vere nullutsleppskøyretøy.

Les også Elbiler gir oss mindre rom for feil i trafikken: – Biler på veien kjører fra rallybilene

Men før ein kan køyre Noreg på langs med el-lastebil, må ein få på plass ladestasjonar langs vegane.

– Vi må sørgje for at det finst infrastruktur i startfasen. Sånn at dei som skal kjøpe bilar kan stole på at det er moglegheiter for å lade, seier Nygård.

Stor innsats framover

Dei første ladestasjonane blir plasserte på vegstrekningane som går ut frå Oslo og mot Stavanger, Bergen og Trondheim.

Lastebiler på rasteplass

Lastebilsjåførar er pålagde å ta seg kviletid etter ein bestemd periode. Målet er å få avstanden mellom ladestasjonane til å passe med kviletida.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

– Vi har plukka ut rutene der det går mest næringstrafikk i dag, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

veidirektør Ingrid Dahl Hovland

Ingrid Dahl Hovland, vegdirektør i Statens vegvesen.

Foto: Christine Breivik Øen / NRK

Deretter skal ein byggje ut stadig fleire stasjonar for å forbetre dekninga ytterlegare og nå målet om å kutte utsleppa i transportsektoren.

– Målet er realistisk, men det krev ein ganske stor innsats.

– Burde vore der for lengst

Bransjen sjølv ønskjer utbygginga velkommen.

– Vi ønskjer å køyre mykje meir elektrisk. Vi har ambisiøse mål i bransjen, men vi er nøydde til å ha ein infrastruktur som er utbygd, seier Per-Ove Svartangen, berekraftsansvarleg for langtransport i Schenker.

Per-Ove Svartangen, bærekraftansvarlig for langtransport i Schenker

Per-Ove Svartangen, berekraftsansvarleg for langtransport i Schenker

Foto: Anders Haualand / NRK

For Svartangen er det viktig at ein får på plass løysingar for å bestille ladetider ved dei ulike stasjonane. Slik kan ruta planleggjast utan å måtte rekne med ladekø.

– Vi har ikkje tid til å stå fleire timar på éin stad viss vi skal drive økonomisk.

Sjølv om han er fornøgd med at regjeringa går inn for å byggje ut ladestasjonar, synest han likevel det er i seinaste laget.

– Det burde vore der for lengst.

Les også Strømkrise i distriktene – ikke nok strøm til å lade elbiler