– Det er berre flaks at det ikkje har skjedd ei meir alvorleg ulukke, og eg fryktar ei dødsulukke. Vi har jo stadig tilløp til brannar i tunnelen også.
Det seier Nesodden-ordførar Cathrine Kjenner Forsland (Ap).
Eit steinkast unna tunnelopninga møtte ho samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) tysdag.
Ho ynskjer å forsikre seg om at to tunnelløp under Oslofjorden blir prioritert i statsbudsjettet.
– Det handlar om sikkerheit, samfunnsøkonomi og tilgjengelegheit. Dette er veldig viktig også for oss på Nesodden. Den bind jo aust og vest saman, seier Forsland.
Ingen tunnelar har fleire brannhendingar enn Oslofjordtunnelen.
Foto: Hallgeir Braastad / NRK– Må vente i spenning
Samferdselsministeren er einig med ordføraren i at dei trafikale konsekvensane blir store når det er bilstansar i tunnelen.
Han kan likevel ikkje love pengar i budsjettet.
– Når desse prosjekta ligg høgt på prioriteringslista til Statens vegvesen, så seier det seg sjølv at det er desse vi vel mellom, seier Nygård.
Han legg til:
– Men vi har ikkje eit statsbudsjett før vi har eit statsbudsjett, så den som ynskjer å finne ut av det må vente i spenning, seier Nygård.
Øvst på lista
I midten av mai la nemleg Statens vegvesen fram ei prioriteringsliste.
Der er Oslofjordforbindelsen eit av dei fire veg- og tunnelprosjekta som ligg øvst.
Tunnelen var òg på topp då dei la fram ei slik liste for eitt år sida. Monge var derfor skuffa då prosjektet likevel ikkje var med i statsbudsjettet.
– Eg tenkjer at øvst er øvst. Dette gjev veldig gode håp for oss. Eg har stor tru på at dette nå blir gjennomført, og det er heilt nødvendig, seier ordføraren.