Hopp til innhold

Eventyrskogen går dukken

Det er som eit levande julekort. Men baksida av julekortet er mindre idyllisk.

Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø

Det ser idyllisk ut, men er dårleg nytt for skogbrukarar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Ein-to-tre-fire ... tolv-tretten-fjorten.

Harald Lysaker står og tel knekte tretoppar og rotvelter der han står i skogen sin i Kattåsen i Finnemarka.

– Slik det ser ut herfrå er halvparten øydelagt!

Snøfallet som kom i den forholdsvis milde romjula, etterfølgd av streng kulde, har gjort at snøen har frose fast til bark og nåler på bartrea. Snøen som no kjem, legg seg på greinene i tjukke lag. Børa blir stadig tyngre å bera.

Skogeier Harald Lysaker

Harald Lysaker kan ikkje hugse å ha opplevd maken i si tid som skogbrukar.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Heile skogen kan gå med

– Når treet ikkje er heilt symmetrisk, blir det fort for tungt mot eine sida etter mykje nedbør, slik at det knekk.

Skogbrukssjef i Drammen, Oskar Næss, står ved ein stor grantopp som nettopp har gått i bakken. Slike er det mange av. I høgdedraget 200–500 m.o.h. har det gått hardt ut over barskogen på Austlandet etter nyttår.

Oskar Næss, skogbrukssjef Drammen

Finnemarka i Viken har mykje knekte tretoppar og rotvelter etter snø og kulde.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

– Når toppen knekk, blir ikkje treet så verdifullt for skogeigaren. Det kan fint leva vidare, men tapar 70-80% av verdien. Trestamma får ein krok og gjer det ubrukeleg som byggemateriale, fortel Næss.

Oscar Næss - skogbrukssjef i Drammen

Oskar Næss er skogbrukssjef i Drammen.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Det verste er likevel greiner og toppar som blir liggjande, og alle trea som har velta med rot. Dei vil døy. Daude og døyande tre er yngleplass for borkbiller

– Viss det skjer, då går alt!

Lysaker er ser bekymra ut i lufta og tenkjer på alt ekstraarbeidet han har framfor seg.

– Når våren kjem, må me gå i gang med maskiner og få rydda ut alt som er øydelagt, seier han.

Eit borkbilleangrep er nesten umogeleg å hanskast med. Blir billene mange nok, vil dei også gå laus på dei friske trea, fortel Lysaker. Det er difor avgjerande å få rydda opp.

Han har lagt ned mykje arbeid i å tynne og halde ved like denne skogen som far hans planta for snart 70 år sidan. Kvart tre skal ha godt med plass rundt seg, slik at røter og greiner kan vekse fritt. Meininga var at skogen skulle stå i tretti år til, og bli nytta av neste generasjon, men slik blir det ikkje.

Sjå bilete av skadane:

Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø
Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø
Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø
Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø
Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø
Skader på skog i Finnemarka som følge av tung snø

Uår, også for forsikringsselskapet

Dei siste åra har forsikringsselskapet Skogbrand opplevd auke i snøskadd skog i kystområda på Sørlandet og sentralt på Austlandet.

Kjetil Løge, direktør i Skogbrand forsikring

Kjetil Løge er direktør i Skogbrand forsikring.

Foto: Skogbrand forsikring

Åra 2013 og 2018 skil seg ut med høge utbetalingar, fortel direktør i Skogbrand forsikring, Kjetil Løge.

Meteorologane reknar med at tung våt snø vil bli meir vanleg både lenger inn i landet og høgare over havet i åra framover. Her er det mykje skog, og Løge seier selskapet følgjer spent med på utviklinga.

Så langt ser det ut til at dette kan bli nok ein vinter med mykje skadd skog, men full oversikt får me ikkje før vinteren er på hell og skogeigarane melder inn skadane.

Mildvêr er redninga

Skogeier Harald Lysaker

Skogeigar Harald Lysaker.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Fleire tre står for fall etter at snøen igjen har lava ned dei siste dagane. Store, kvite grantretoppar bøyer seg tungt til side. Det skal ikkje rare vindpustet til før dei gir opp.

Det verste som kan skje no, er at det tek til å blåse.

Harald Lysaker kan ikkje hugse å ha opplevd maken i si tid som skogbrukar. Det einaste han ønskjer seg no, er mildvêr, slik at snøen smeltar og det blir «skaureint». Då vil skogen hans få det bra, så får det heller vera med julekortmotivet.