Hopp til innhold

Janet frå Amsterdam: – Blir fyrste og siste gongen i Noreg

NOREFJELL (NRK): Utanlandske turistar er allereie skremt over prisnivået i Noreg. Nå kan momsen bli høgare på hotellovernatting og prisane enda stivare.

Norefjell

Norefjell i Buskerud er ein av destinasjonane som kan bli hardast ramma av ein eventuell momsauke. Dei har mange utanlandske turistar i sesongen blant anna frå Nederland og Danmark.

Foto: Anders Martin Helle / NRK Buskerud

– Da vil eg ikkje reise til Noreg meir. Det blir for mykje pengar for meg, så da reiser me heller til Alpane og Austerrike. Der er det også veldig fint og mykje billegare.

Janet van Dijk er på ein tre vekers rundreise rundt i heile Noreg. Ho og mannen bur tre netter på hotell kvar plass og er overraska over kor mykje det kostar.

Janet frå Nederland

Janet van Dijk og mannen er på sin aller fyrste ferie i Noreg denne sommaren og skal mellom anna besøkje Voss og Vrådal i Telemark etter Norefjell.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Like dyrt å reise til Thailand som Noreg

Når ho får høyre om forslaget om at auka moms kan gjere det enda dyrare blir ho sikker i si sak.

– Da blir dette fyrste og siste gong her. I fjor var me i Thailand og ferien her blir like dyr sjølv om det er mykje kortare å reise, seier van Dijk.

Norefjell ski og spa

Ein grå dag på Norefjell ski og spa, utanfor høgsesongen. Til vinteren er dei bekymra for om prisane blir høgare på grunn av auka moms.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Virke: – Putt heile rapporten i skuffen

Før sommaren kom eit regjeringsoppnemnt utval med forslaget om å forenkle momsreglane og innføre ein felles sats. Det vil i så fall seie at momsen vil auke frå dagens 12 prosent til 23 prosent for mellom anna reiselivsnæringa.

Forslaget er nå på høyring, men bransjeorganisasjonen Virke er bekymra og rådar regjeringa til å skrinlegge alle planer om endring av moms.

– Det beste regjeringa kan gjere med dette er å putte heile rapporten i skuffen. Ein auke av momssatsen for reiselivet vil vere dramatisk for reiselivet. Det er ei næring med små marginar, og har tøff konkurranse frå utlandet, seier administrerande direktør, Ivar Horneland Kristensen.

Ivar Horneland Kristensen

Bransjeorganisasjonen Virke er bekymra for at norske hotell vil tape kampen mot andre destinasjonar i Alpane og Sverige med auka moms. Det kan bety tap av viktige arbeidsplassar i distrikta.

Foto: Virke

Han peikar på konkurransen typiske skidestinasjonar som Norefjell har frå både Sverige og land i Alpane.

Går forslaget gjennom vil det bli høgare moms både på hotellopphald og heiskort.

– Samanlikna med Europa er snittsatsen ni prosent, så om du tenkjer deg at ein konkurrerer om turistar frå Europa, så har ein alt nå ein høgare kostnad. Dei treng ikkje meir enn det her nå, seier Kristensen som meiner destinasjonar som har ein stor andel utanlandske turistar vil bli hardast ramma.

Frp vil finne ein gyllen middelveg

Forslaget er nå på høyring til slutten av august og Finansdepartementet vil ikkje kommentere saka før det.

Da rapporten blei kjent i mai uttalte finansminister Siv Jensen at ho ikkje såg for seg ein felles sats, slik utvalet konkluderte med.

– Eg vil understreke at regjeringa er oppteken av å halde skatte- og avgiftsnivået nede, og er oppteken av å støtte opp om omsyna som ligg bak låg- og nullsats i dag. Eg ser nok ikkje for meg at regjeringa vil føreslå å fjerne all lav- og nullmomssatsar som utvalet føreslår, sa Jensen.

Siv Jensen, revidert nasjonalbudsjett 2019

Finansminister Siv Jensen har foreløpig heldt korta tett til brystet etter at ekspertutvalet kom med sin rapport som konkluderte med ny og felles momssats i mai.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Stortingsrepresentant, Morten Wold (Frp) kan ikkje love at det ikkje blir ein auke frå dagens nivå som alt har auka med fire prosentpoeng dei siste åra.

– Me må høyre på høyringsuttalingane og prøve å finne ein gyllen middelveg. Men ei endring frå 12 til 23 prosent er ein stor auke og vil ikkje gagne reiselivsbransjen, seier Wold.