Hopp til innhold

Mista bestekameraten i sjølvmord – snudde sorga

Det vart blytungt for Herman (23) då bestekompisen tok livet sitt. Er det mogeleg å snu sorga til noko som også er godt?

Håkon og Herman var kompisar i fjorten år

Håkon Tande og Herman Koren var kameratar heilt frå dei møttest i barnehagen til det året dei begge skulle ha fylt 18.

Foto: privat

– Det var god stemning. Veldig koseleg.

Herman Koren (23) smiler medan han betraktar instagrambildet av han og kompisen Håkon ein varm sommardag heime på Kongsberg. Slik har det ikkje alltid vore.

Herman har gode minner om Håkon
Herman har framleis bilder og videoar av Håkon på mobilen.
To gode kompisar klare for fest
Dei hang saman heilt frå barnehagen til det året dei begge skulle fylt 18.
Herman Koren
Det er godt å tenkje på livet dei hadde saman før Håkon døydde.

Ikkje lenge etter at bildet vart tatt, vart Håkon borte. Plutseleg ein dag ville han ikkje leve meir. Det vart blytungt for kompisane.

– Ingenting gav meining og eg tenkte berre på det som hadde skjedd, fortel Herman. Du blir liksom heilt tom.

Han slutta å ete og sleit med vonde tankar:

– Kunne eg ha gjort noko annleis? Var det mi skuld?

Vendepunktet

Etter nokre månader greidde Herman å starte sin eigen indre snuoperasjon. Løysinga vart å tenkje på ein annan måte. I staden for å fokusere på dødsfallet, dreia han tankane mot den personen Håkon var og livet han levde.

Dei fjorten åra Herman og Håkon hadde saman, heilt frå dei møttest som fireåringar i barnehagen og fram til tenåringstida, var innhaldsrike. Og det er slettes er ikkje alt Herman vil fortelje.

– Eg trur ikkje det egnar seg ikkje på trykk, seier han og ler.

Men han gøymer på opplevingane. Dei er gode å tenkje på.

Rådebank

Herman kjenner seg godt att i det karakterane i TV-serien Rådebank strevar med. I tredje sesong følgjer me kameratflokken i tida etter at ein av dei tok sjølvmord.

Sjå alle episodane her

TV-serien Rådebank

Rådebank er eit norsk ungdomsdrama frå rånermiljøet.

Foto: NRK

Det er sankthanseftan, og det er nøyaktig to år sidan Sivert køyrde seg i hel med vilje. Tunge tankar dukkar opp att hjå bestekompisen GT då huset til Sivert skal seljast, og faren skal flytte.

– Eg kjenner det sit i kassa enno, altså!

Odin Waage, som spelar rolla som hovudkarakteren, tek seg til bringa då han snakkar om den enorme skuldkjensla GT har for å ha svikta bestekompisen sin i serien.

Odin Waage har rolla som GT i Rådebank

Odin Waage spelar hovudkarakteren GT i Rådebank.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Odin får frysningar når han høyrer korleis Herman snakkar om kameraten sin.

– Det er ein veldig, veldig fin måte å heidre kompisen sin på, ja, heile vennskapet, eigentleg.

Skodespelaren trur Rådebank viser at eit sjølvmord gjer livet vanskeleg for dei som står att, men at det finst håp for livet etterpå, gjennom kjærleik, varme og glede.

– Sivert lever i hjarta til GT og alle som var glad i han. Og då må dei leva sine beste liv og ta vare på kvarandre for å heidre han.

– Det høres rart ut, men det er en fantastisk følelse å få vite at andre er som deg

Har éin beskjed til andre unge etter tenåringssonen sitt sjølvmord

Gleda over vennskapet

Fire år har gått sidan Håkon døydde. Herman saknar han framleis. Under oppveksten på Kongsberg hadde begge gutane sine draumar om framtida og vaksenlivet. Håkon var skihoppar, men rakk aldri å delta i OL, slik han drøymde om.

Herman, på si side, er i ferd med å realisere sin draum om å utdanne seg innan finans. No tek han ein mastergrad ved BI i Oslo.

Herman Koren
Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg har jobb og eg har mange gode venner rundt meg, så livet mitt har blitt veldig bra.

– Saknar du Håkon?

–Eg saknar han, ja. Men det har hjelpt meg mykje at eg kan glede meg over å ha hatt han som ven. Eg er takksam.