Hopp til innhold

Milliardær utfordrar bedrifter til å tilsette innvandrere

Milliardæren og presten slo hovuda saman og kom opp med ideen om å utfordre 500 bedrifter til å tilsette to innvandrarar kvar. Nå får prosjektet ros frå næringslivet.

STYKKET

Terje Stykket har vorte rik mellom anna gjennom taxfree-handel, kosmetikk og helsekost. No utfordrar han fleire hundre bedrifter til å ta samfunnsansvar.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Terje Stykket har erfaring med å sysselsette medarbeidarar frå andre land. Til sine taxfree-butikkar har han henta folk frå 40 nasjonar, ifølge Drammens Tidende.

Då han i eit sosial lag kom i snakk med prest Ivar Flaten utkrystalliserte det seg ein ide om å utfordre 500 bedrifter til å tilsette fleire innvandrarar. I Drammen har 27 prosent av innbyggarane anna enn norsk bakgrunn.

– Vi bur saman, i ein by med 150 nasjonar, med eit breitt erfaringsgrunnlag. Vi treng dei hendene og dei hovuda, seier Stykket til avisa.

Drammen, flyfoto

Drammen er ein av byane i Noreg med høgast del innbyggarar med innvandrarbakgrunn.

Foto: Scanpix

– Eit hårete, men viktig mål

Prest Ivar Flaten meiner dei ikkje har funne opp krutet på nytt. Og at det er det smarte med prosjektet som kallast "Internasjonale Drammen".

Ivar Flaten

Prest Ivar Flaten drodla seg fram til eit prosjekt for å redusere arbeidsløysa for innvandrarar, saman med taxfree-milliardær Terje Stykket.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

– Vi har kome så langt at vi har fått med interessante folk i prosjektet. Næringslivet er sjølvsagt nøkkelen her. Byen Drammen er velsigna med folk med ulike kulturell og religiøse bakgrunn. Det må vi utnytte, seier Flaten til NRK.

Han fortel at både butikkjeda Kiwi, NAV, organisasjonar og den politiske leiinga i byen er med på laget. Og at dersom 500 bedrifter tilset to innvandrar, betyr det 1000 innvandrarar i jobb.

Leiaren for næringsforeininga i Drammensregionen, Hans Petter Tonum, applauderer utfordringa millionæren og presten har sett i gong.

– Det er eit hårete, men viktig mål, for ein region som skal vekse i framtida. Vi har i fleire år slite med å komme innvandrarar i møte i arbeidslivet. Arbeidsløysa er større i denne gruppa enn for nordmenn elles.

Han meiner det er paradoksalt at mange nordmenn privat er positive til innvandrar, men at jobbsøkjarar med same bakgrunn ikkje når opp i tilsettingsrundane i bedriftene.

– Det er dette vi må få endra. For vi er ikkje ulike grupper i Drammen, vi er alle drammensarar.

Prosjekt "Internasjonale Drammen" håper å få på plass prosjektleiar og få fortgang i arbeidet den næraste tida. Finansieringa for dei neste to åra er sikra.