Hopp til innhold

Meiner for få snakkar mot hyttebygging: – Har blitt bedd om å halde kjeft

Bjørn Henrik Stavdal Johansen meiner hyttebygging er naturen sitt verste mareritt og vil at staten skal overta ansvaret. Men det kostar å vere mot hytter.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen er busett i Flå. Han har fleire gonger uttala seg negativt til hyttebygging.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen meiner hytter er draumen som drep naturen.

Foto: Vilde Jagland / NRK

– Eg har fått meldingar frå folk som har bedd meg halde kjeft. Eg har også opplevd å få støtte frå folk, men som då legg til: «Dette vil eg ikkje du skal seie at eg har sagt», fortel Johansen.

Han er busett i den vesle bygda Flå i Hallingdal og jobbar i Bjørneparken som naturrettleiar.

Johansen har fleire gonger uttala seg negativt til hyttebygging, seinast i ei ytring i NRK. Han meiner alt for få snakkar om skaden hytter utgjer.

– Det er ikkje eit tema det er enkelt å snakke høgt om. Veldig mange er redde og eg trur det i mange tilfelle er ein frykt for bygdedyret.

Les også Oversikten ingen har: Hvor mange hytter skal bygges i Norge i framtida?

Luftfoto av hyttefelt på toppen av Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.

Vil staten skal overta ansvaret for hyttebygginga

Johansen trur det er enklare å prate mot monstermaster enn hyttebygging.

– Hyttebygging er glorifisert i Noreg og når du snakkar mot det, får du ikkje mange vener. Ein pratar ikkje mot eit stort konsern som skal bygge monstermaster. Ein snakkar om naboen din eller slektningar og vener som har kjøpt seg hytte.

At hyttedebatten tidvis kan vere oppheita og polarisert, synest han er trist.

Høgevarde hyttefelt i Flå.

Bjørn Henrik Stavdal Johansen er bekymra for framtida til den urørte naturen.

Foto: Vilde Jagland / NRK
Bjørn Henrik Stavdal Johansen meiner hyttebygging er naturens verste mareritt.

Han håper me kan tenke meir langsiktig for å ta vare på naturen me har.

Naturområde ved Høgevarde hyttefelt i Flå.

– Me har ikkje naturen for oss sjølv. Me skal dele den med andre arter, seier Johansen.

– Viss eit lokaldemokrati skal fungere, er det viktig at alle verdisyn takast med. Viss ein side av saka blir hysja ned fordi ein ikkje liker den tanken, svekker det heile lokaldemokratiet.

Det handlar likevel ikkje berre om kjensler, men også om kompetanse. Johansen meiner me er betre tent med å la staten ta ansvaret for hyttebygginga.

– Eg trur mange kommunar manglar kompetansen og samarbeidsevna til å forvalte naturen på ei berekraftig og langsiktig måte. Når kvar vesle kommune skal forvalte sin vesle bit, blir det lite heilskapleg.

Les også Reagerer på hyttebygging: – Ute av kontroll

Luftfoto av hytteområdet i Holtardalen på Rauland i Vinje kommune.

«Hyttebygging er nesten som en religion»

At hyttebygging er eit ømfintleg tema i fleire kommunar, viser også Distriktssenteret sin rapport «Bærekraft i distriktskommuner» frå i år.

Dei har gjort både innbyggarundersøkingar og intervju i fokusgrupper i åtte distriktskommunar. Totalt har 1558 personar svart.

Høgevarde hyttefelt i Flå.

Hyttebygging er eit vanskeleg tema i fleire kommunar, syner rapporten til Distriktssenteret.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Rapporten syner at fleire føler det er vanskeleg å stå fram med si meining i saker som til dømes hytteutbygging.

I innbyggarundersøkinga kunne respondentane også velje å forklare kvifor dei har svart som dei gjer:

«Hyttebygging er nesten som en religion for mange, enten er du med eller så er du en fiende».

«Du skal vere ganske tøff for å tørre å stille spørsmål til om dagens form for hyttebygging er bærekraftig».

Les også – Hyttebygging er ein av dei største trugslane mot norsk natur

Hyttefelt i Øystre Slidre

Ordførar: – Engasjer deg i lokalpolitikken

At frontane er steile, har ordførar Pål Rørby (Sp) i Hemsedal også fått merke på kroppen. Han har ei klar oppmoding:

– Engasjer deg i lokalpolitikken eller prat med ein lokalpolitikar. Det hjelper lite å spy ut på Facebook eller andre sosiale medium om din misnøye til korleis kommunen jobbar. Still deg på liste til val, så kan du få innsikt, oversikt og vere med å påverke politikken i den retninga du meiner er riktig.

Rørby er ikkje samd i at kommunane ikkje har kompetansen til å forvalte hyttepolitikken.

– Eg er prinsipielt mot at hytteutbygging skal bli skrivebordsøvingar frå Oslo. Me har lokalpolitikarar og fagfolk i administrasjonen som sit på mykje lokalkunnskap og kan forvalte dette på ein god måte.

Ordførar Pål Rørby (Sp) i Hemsedal.

Ordførar Pål Rørby (Sp) meiner hyttebygginga framleis burde vere kommunane sitt ansvar.

Foto: Vilde Jagland / NRK

Han understrekar at kommunane allereie har mange statlege restriksjonar dei må stelle seg til.

– Det er få plassar me faktisk kan bygge når du tek i betraktning LNF-område, omsynssoner med tanke på skred og liknande. Eg er mot at me skal innskrenke handlingsrommet til kommunane meir.

Han peiker også på at over 100 kommunar samarbeider om saker som hytteutbygging gjennom Utmarkskommunenes Sammenslutning (USS).

Hei!

Så bra du tok deg tid til å lese denne saka. For ei tid tilbake bad NRK om innspel på saker me burde lage. Fleire av de svarte hyttebygging og omsyn til naturen. Difor har me laga denne saka. Har du tips til noko anna me burde skrive om? Ta gjerne kontakt! 

Les også Spår at flere vil velge strømløse hytter

Hyttemegler Christian Haatuft tror enkle hytter uten innlagt strøm vil bli mer populære.