Hopp til innhold

Me fjernar oss stadig lengre frå den norske hyttedraumen

SKRIM (NRK): Snart vil over halvparten av alle landets hytteeigarar ha naboane like tett på seg på hytta som heime. Sjølv om det liknar lite på draumen nordmenn har om hytter.

Hyttefelt på Gaustablikk

Hyttefelt som her på Gaustablikk er kanskje ikkje det nordmenn drøymer om, men det er likevel det dei fleste av dei som kjøper hytte ender opp med.

Foto: Anne Lognvik

– Her er det åtte meter til neste hytte og snart kjem det ei ny hytte her på andre sida. Det blir åtte meter frå oss til den også.

Hytteeigar Henning Martiniussen har det som dei fleste nye hytteeigarar. Han viser oss hytta på Skrimfjella utanfor Kongsberg som ligg midt i eit hyttefelt, og blir stadig omringa av fleire og fleire hyttenaboar.

Mann går ut av hytta

Henning Martiniussen er glad for å ha skaffa seg hytte, sjølv om det nå blir åtte meter til naboen på begge sider.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

Blir berre fleire hyttelandsbyar

Meir enn tre fjerdedelar av hyttene som er bygd dei to siste åra er blitt bygd i tettbygde hytteområde med mindre enn 75 meter avstand til naboar, ifølgje nye tal frå Statistisk sentralbyrå.

Byggeaktiveteten har også vore størst i hyttefelta med 50 eller fleire bygg.

Hyttefelt i Stryn

Tett i tett langt mindre enn 75 meter og nær alpinanlegg ligg dei moderne hyttene i dag. Som her i Stryn.

Foto: Silje Guddal

Forskarane er sikre på at trenden vil halde fram og at over halvparten av alle fritidsbustader i landet snart vil ligge i etablerte hyttefelt.

– Me har meir pengar og meir fritid til å bruke på hytta. Derfor vil me ha kort veg, slik at me kan bruke ho kvar helg. I tillegg kjem den økonomiske faktoren for lokalsamfunna som vil tene pengar på dette. Da må infrastrukturen vere god og da blir det slike tette hyttefelt, seier Frode Flemseter, seniorforskar i Ruralis, institutt for rural- og regional forsking.

– Men det er nok mange som ikkje ynskjer å bu så tett som dei faktisk gjer. Eg er usikker på om det oppfyller hyttedraumen, legg han til.

Blir meir innsyn og mindre utsyn

Bjørn-Erik Øye i Prognosesenteret er ikkje usikker. Han meiner ei lita raudmåla hytte med god utsikt og ingen innsyn i pakt med naturen, framleis er den store hyttedraumen for nordmenn.

Og meiner den blir nærmast umogleg å oppfylle framover.

– Det blir meir og meir hyttelandsbyar og mindre og mindre den norske hyttedraumen framover. Det blir meir innsyn og mindre utsyn. Det kan ikkje snu. Eg kjenner ikkje til nokon kommunar som tillèt å bygge slike hytter aleine i skog og fjell, seier Øye.

Bjørn Erik Øye

Bjørn-Erik Øye trur ikkje utviklinga eigentleg er eit ynskje, men ein praktisk konsekvens som kjem av miljø- og naturvernomsyn.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Han trur det framleis blir mogleg å skaffe seg ei hytte som passar inn i den romantiske hyttedraumen, om ein ikkje byggjer nytt.

– Det finst jo mange slike hytter som blei bygd på 50-60-talet. Dei har låg standard, men plassering og andre kvalitetar som skulle tiltale den norske draumen. Men dei nye hyttene som blir lagt til rette er jo berre store hyttefelt og gjerne tett inn på alpinanlegg.

Blei ikkje som han drøymde

Henning Martiniussen på Skrimfjellet er akkurat i denne kategorien. Han trivst godt på hytta, men det var jo aldri i eit hyttefelt åtte meter unna naboen han drøymde å ha hytte.

– Draumehytta for meg er eigentleg ei mykje mindre hytte aleine langt inne på fjellet. Men det er ikkje mogleg å få tak i dag, seier hytteeigaren som nå ikkje ser på tette hyttenaboar som noko problem.

– Ein må ta litt omsyn til kvarandre, men eg synest ikkje det er noko problem å ha naboar så nær hytta.

Flere nyheter fra NRK Buskerud