Det har vorte ein del av kvardagen for innbyggarane på øya i Bunnefjorden at revane leikar på trampolinen og stel ting frå verandaen.
Dei kjem òg inn på kjøkkenet om døra står open.
Revungar som leikar på trampolinen til familien Lunde på Malmøya.
Morten Lunde har budd på Malmøya i over 40 år. Han kan fortelje at det siste halvanna året har reven vorte svært pågåande. Viss dei ikkje held dørene lukka, tek det ikkje lang tid før reven tek turen inn.
– Han verkar ikkje redd heller, sjølv når vi treff på reven inne i huset og prøver å jage han ut. Det er ikkje sånn at han stikk over alle haugar, seier Lunde, som veit kva han snakkar om.
Vakna opp med reven i senga
Familien Lunde har sett seg nøydd til å kaste den ubedne gjesten på dør fleire gonger. Men ikkje berre frå kjøkkenet. Lunde fortel om ein kveld dei hadde gløymt å lukke terrassedøra.
Morten Lunde fortel at dei ser nok litt meir til reven enn det dei hadde ønskt.
Foto: Morten Lunde / privat– Plutseleg høyrde kona nokre lydar, men ho var litt i halvsøvne og skjønte ikkje kva det var. Det var òg nokre rørsler i senga.
– Då ho vakna til så ho rett inn i ansiktet på reven. Ho vart rimeleg skremd, seier han og humrar.
Sjølv om kona skreik kraftig til så ikkje reven ut til å bli vidare skremd av den grunn.
– Ho måtte jobbe med å få reven ut igjen. Han hadde òg teke med seg ein bit av ein skinnstol før han kom inn til henne. Det er ikkje berre artig.
Folk må slutte å mate reven
Naturforvaltar i Bymiljøetaten i Oslo, Tea Turtumøygard, forklarer at nokre dyr kan vere på feil stad til feil tid. Ho fortel òg at dei har hatt ein del førespurnader om rev på Malmøya dei siste åra.
Tea Turtumøygard er naturforvaltar i Bymiljøetaten i Oslo.
Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK– Eg trur det er fordi dei blir mata. Dei vil igjen få ungar, også vil dei berre bli fleire og fleire. Fleire av dei vil òg venje seg til at menneske er fint å ha i nærleiken fordi dei då får mat. Derfor held dei seg i området. Det er hovudproblemet der ute, seier Turtumøygard.
Turtumøygard meiner at dersom folk sluttar å mate reven, vil dei etter kvart forsvinne.
– Vi må prøve å få reven til å bli naturleg sky igjen, seier ho.
Viss folk sluttar å mate dyra, vil dei etter kvart òg naturleg forsvinne, forklarer viltforvaltar i Oslo kommune, Thea Turtumøygard.
Foto: Morten Lunde / privat– Kjem til å skjere seg
Petter Bøckman forklarer at det er lov å mate reven, men det er sterkt rådd mot. Han meiner det berre er eit tidsspørsmål før reven eventuelt kan ete ein baby viss folk ikkje sluttar å mate reven.
Foto: Karsten Sund / Karsten SundPetter Bøckman er zoolog ved Naturhistorisk museum. Han oppmodar, som Turtumøygard gjer, folk til ikkje å mate reven. Ville dyr skal vere ville, seier han.
– Når ville dyr byrjar å sjå på menneske som «yet another furutre" som dei kan tisse på, så kjem det før eller sidan til å skjere seg. Vi har nettopp hatt ein koronapandemi som kjem av at folk har hatt nærkontakt med ville dyr. Vi vil helst ikkje at dyr skal finne ut at små babyar er hjelpelause og smakfulle, seier han.
Revungar som koser seg i sola på Malmøya.
Foto: Morten Lunde / privat