Hopp til innhold

Måtte hente opp piggsvin

Brannvesenet har redda opp eit piggsvin frå ein kum i Odins gate i Oslo.

– Piggsvinet har det bra, seier Rune Elstad frå brannvesenet til NRK.

Han fortel at dei fekk melding tidlegare i dag frå eit firma som hjelper forskjellige dyr. Dei trengde hjelp for å nå ned til piggsvinet dei hadde funne.

Brannvesenet i Oslo har redda opp eit pinnsvin frå ein kum.
Foto: Oslo brann- og redningsetaten