Hopp til innhold

Mann etterlyst og sikta for drap i Hokksund

Ein mann er etterlyst og sikta for drapet på ein mann i 70-åra i Hokksund i Buskerud måndagskvelden.

Mistenkelig dødsfall i Hokksund

Politiet driv tekniske undersøkingar på staden der mannen i 70-åra vart funnen måndagskvelden.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Ein mann er sikta i saka, men han er førebels ikkje gripen. I samband med dette etterlyser vi ein bil. Vi har grunn til å tru at den sikta personen disponerer bilen. Politiet ynskjer informasjon frå publikum for å kartleggje bevegelsane hans i tida før og etter drapet, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen i Sør-Øst politidistriktet.

Politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen i Sør-Øst politidistrikt fortel at dei har sikta og etterlyst ein mann for drapet i Hokksund vesle julaftan.

Foto: NRK

Ho opplyser til NRK at den samla etterforskinga har styrkt mistanken mot den etterlyste. Ho fortel at han dukka opp tidleg i etterforskinga, men at dei først i ettermiddag valde å sikte han for drapet.

– Ein relasjon mellom dei

Ho seier at den etterlyste har ein relasjon til den avlidne mannen, utan at ho vil gi ytterlegare detaljar.

Bilen som no er etterlyst er ein brun Toyota Rav4 2014-modell.

– Om nokon har observert bilen er politiet interessert i informasjon om dette. Dei kan ringje tipstelefon 961 45 061, seier Svane Mathiassen.

Politiet har fått den førebelse obduksjonsrapporten etter det som blir etterforska som eit drap.

– Kriminell handling

– Den førebelse obduksjonsrapporten stadfestar at mannen er utsett for ei kriminell handling, men eg kan ikkje gå inn på detaljar på dette. Men det inneber at vi etterforskar hendinga som eit drap, seier politiadvokat Ann Iren Svane Mathiassen.

Det var klokka 19.37 vesle julaftan at politiet fekk melding frå AMK-sentralen om ein mann som vart funnen med store skadar . Mannen vart erklært død på staden klokka 20.24.

Lys på drapsstaden i Hokksund.

Det er sett ut lys på staden i Hokksund der ein mann i 70-åra vart drepen vesle julaftan.

Hokksund

Politifolk undersøkjer bakken i området der mannen i 70-åra vart funnen.

Foto: Joakim Fjeldli /

– Vi jobbar med full styrke for å finne ut kva som har skjedd, og vi har også fått hjelp frå Kripos. Målet er sjølvsagt å gi dei pårørande eit svar på kva bakgrunnen for det som har skjedd. Vi har innhenta videodokumentasjon, teke i mot og gått gjennom tips, og vi har gjennomført ei rad vitneavhøyr. Vi jobbar ut frå ulike teoriar, men det er ikkje noko som tyder på at mannen var eit tilfeldig offer, seier politiadvokaten.

– Danna oss eit bilete

Ho seier at dei etter kvart danna har seg eit bilete av kva som har skjedd, men at dei ikkje vil gå ut med nokon teori enno. Ho vil heller ikkje stadfeste at det er den sikta som eig den etterlyste bilen, men at han disponerer køyretøyet.

Politiet meiner at den etterlyste og drapsofferet kjende kvarandre frå før, og at det ikkje er mistanke om at det er snakk om eit tilfeldig drap.

Naboar har fortalt at dei høyrde eit høgt smell frå staden der mannen vart funnen død måndag kveld. Dei trudde det var fyrverkeri.

Den sikta mannen er ikkje busett i området, men har ei viss tilknyting til Buskerud. Ingen av dei to er kjende av politiet frå før.