Mange fekk førelegg ved skular

Det blir gitt stadig fleire førelegg etter trafikkontrollar ved skulane i Buskerud. Då politiet gjennomførte kontroll ved Skoger skole i Drammen onsdag, delte dei ut førelegg til 11 bilførarar for å ha køyrt for fort. Ein mopedist er og meldt for å ha køyrt utan førarkort.

Under ein annan kontroll, ved Konnerud skole, fekk 10 bilførarar førelegg for fart og mobilbruk.