Hopp til innhold

Kåre (99) er storfornøgd med elbilen, men kva med framtidas bilistar?

Mange er framleis skeptiske til å bytte ut fossilbilen med nullutsleppsbil. Ikkje Kåre Syltevik.

– Eg synest fleire burde få seg elbil. Miljømessig er det jo veldig bra, noko som er viktig for meg i alle fall, seier Kåre Syltevik.

Regjeringa har sett som mål at innan 2025 skal alle nye bilar som blir selde i Norge vera såkalla nullutsleppsbilar.

NRK-elbil, Dagalifjell.

Folk i Viken har delte meiningar knytt til grøn bilisme.

Foto: Tor René Stryger / NRK

NRK Oslo og Viken har køyrd storfylket på langs for å høyre kor vidt folk er klare for å vera med på det grøne skiftet.

I august stod elbilar for heile 72 prosent av nybilsalet, ifølgje tal frå Norsk elbilforeining. Likevel er inntrykket at mange vil halde på fossilbilen så lenge dei kan.

Han som kanskje er landets eldste elbilist bur på Jessheim, i eit lite lyseblått hus med matchande garasje.

– Eg køyrer til trening, og til butikken for å handle. På sundagar tek eg med meg systra mi på 103 år på køyretur.

Kåre Syltevik kjøpte elbil i gåve til seg sjølv då han fylte 99 år hausten 2020.

75 år bak rattet

99-åringen rygger det raude gliset forsiktig ut av garasjen, før han trør på gasspedalen og sett fart bortover gata.

– Er du litt glad i fart?

– Ja, sånn i starten så, flirer han.

Kåre tok førarkort i 1947. Då kjøpte han også sin fyrste bil - ein spretten liten Opel Kadett.

Kåre Syltevik kjøpte elbil i gåve til seg sjølv då han fylte 99 år hausten 2020.

Kåre Syltevik er godt fornøgd med overgangen til elbil.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Hadde du nokon gong drøymt om at du 75 år seinare skulle køyre rundt i ein lydlaus, elektrisk bil?

– Det hadde eg aldri tenkt på, nei - hadde ikkje drøymt om det.

Elbilen kjøpte han i gåve til seg sjølv då han fylte 99 i oktober i fjor. No rundar han straks 100, og har førebels planar om å ta seg rundt på fire hjul i minst eit år til.

– Når eg fyller 101 kan eg tenkje meg ein trehjulssykkel med motor, også den elektrisk.

For Kåre på Jessheim har overgangen frå fossil- til elbil gått knirkefritt. Han ladar bilen ein gong i veka, og brukar han stort sett til korte turar i nærområdet.

Men kva med framtidas bilistar?

Elevar ved Numedal videregående skole.

I andre enden av Viken står ein gutegjeng på ein parkeringsplass ved Numedal videregående skole. Dei er glade i det meste med motor, og skal ganske snart bytte ut mopeden eller firhjulingen til fordel for bil.

Elevar ved Numedal videregående skole. F.v. Adrian Loftsgård og Nicholas Thon Fjellstad.

Adrian Loftsgård (f.v.) og Nicholas Thon Fjellstad meiner elbil er heilt uaktuelt.

Foto: Per Håkon Solberg / NRK

– Det er kjedeleg å køyre med ein bil som ikkje bråkar. Eller ... bilen må ikkje direkte bråke, men det er artig å høyre motorduren, då. Særleg på gamle bilar, seier Adrian Loftsgård.

– Ein kan ikkje ta dei langturane heller, slik ein kan med diesel- eller bensinbilar, fortset Nicholas Thon Fjellstad.

Elbil er uaktuelt.

Ei rask handsopprekking gjer det klart at dei alle ser for seg å køyre diesel- eller bensinbil om fem til ti år.

– Regjeringa har sett som mål at alle nye bilar som vert selde i Norge skal vera utsleppsfrie frå 2025. Kva tenkjer de om det - og kva gjer de då?

– Kjøper brukt.

Salet av nye, elektriske bilar når stadig nye rekordar. Såleis er det nærliggjande å tru at det er mogleg å nå målet til regjeringa.

NRK-elbil, Dagalifjell.

Mange, særleg ute i distrikta, er framleis skeptiske til å kjøpe seg elbil.

Foto: Tor René Stryger / NRK

Både geografi og kultur ser ut til å spele inn på kva norske bilistar tenkjer om val av bil. Nokre er klare for å omfamne det grøne skiftet - men for andre er det framleis heilt uaktuelt.