Hopp til innhold

Må betale for å sjå sonens dødsannonse

Då 15 år gamle Martin døydde for snart ein månad sida, ønska familien å bruke dødsannonsen til å fortelje alle kor mykje han betydde for dei. Dei blei skuffa då dei forstod at annonsen hamna bak ei betalingsmur på internett.

Monica Hennum Steen

Monica Hennum Steen synest ikkje det er riktig at ein dødsannonse ho har betalt for, skal hamne bak ein betalingsmur.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

Monica Hennum Steen viser frem en fotocollage som Martins storebror fikk i gave av sin lærer.

Dette biletet fekk Martins storebror av sin lærar då Martin døydde.

Foto: Maria Kommandantvold / NRK

For nokre veker sida mista Monica Hennum Steen og mannen Håkon yngstesonen.

Undringa vart stor då dei forstod at annonsen dei betalte nokre tusen kroner for, hamna bak ei betalingsmur i nettavisa.

Fekk mange støtteerklæringar

– Eg har jo betalt for å få den inn i avisa, og då meiner eg at avisa ikkje kan ta dobbel betaling, seier Monica.

På sin Facebookside skreiv Hennum Steen eit innlegg over sin frustrasjon. Den har ho fått mange støtteerklæringar på. Til slutt blei det så mange tilbakemeldingar at ho måtte skjule innlegget.

Fungerer som ei slags kunngjering

– Eg har forståing for at denne saka vekker reaksjonar.

Forsker Arne Krokan ved NTNU.

Arne Krokan er medieforskar ved NTNU.

Foto: Trond Vestre / NRK

Det seier professor Arne Krokan ved NTNU. Han har forska på medium og den digitale verda i mange år.

– Ein dødsannonse skal jo vere ein form for kunngjering. Og så opplever man at den får ei avgrensa rekkevidd, seier Krokan.

– I dag er lokalavisene avhengige av det lokale stoffet for å tene pengar. Dette gjer det mogleg for dei å tene pengar på, seier Krokan.

Prisen blir fastsett etter storleiken på annonsane. Det å leggje dødsannonsane bak ei betalingsmur, er ikkje unikt for Amedia. Så og si alle norske aviser gjer det.

– Helt sida avisa starta i 1832, har ein mått betale for å sette inn ei dødsannonse. Skulle vi hatt annonsen open, hadde prisen måtte bli ein heilt anna enn i dag. Og slik er det også i den digitale avisa.

Det seier Espen Sandli, ansvarleg redaktør i Drammens Tidende.

– Lokalavisene er avhengige av inntektene frå det som er dei viktigaste inntektskjeldene, nemleg annonsar og abonnement, seier han. Han legg til at det ikkje er planar om å endre det.

Nyheitsredaktør Drammens Tidende

Ansvarleg redaktør i Drammens Tidende, Espen Sandli, seier avisa er avhengig av inntektene frå både abonnentar og annonsar dersom de skal klare å drive som lokalavis.

Foto: Gjermund Erikstein-Midtbø / NRK

Hamnar dødsannonsar bak ei betalingsmur fordi det reknast som godt stoff?

– Det er driftsmodellen for lokalavisene. Dersom dei skal ha ein framtid, må vi ha ei plussteneste som gjer at lesarane må betale for å lese avisa digitalt. Og då er dødsannonsar ein del av det tilbodet, på lik linje med god journalistikk som folk også må betale for å lese, seier Sandli.

– Skal følgje innbyggjarane frå vogge til grav

– Eg håper og trur at folk ser at lokalavisene gjer det slik dei alltid har gjort det. Ein god lokalavis skal følgje innbyggarane frå vogge til grav, og skal dei klare det, må dei ha inntekter frå både abonnement og annonsar.

Det seier Geir K. Hus, informasjonssjef i Landslaget for lokalaviser.

Jan Willy Løken, administrerende direktør i Jølstad begravelsesbyrå

Jan Willy Løken er administrerande direktør i Jølstad gravferdsbyrå.

Foto: Jølstad

Hos Jølstad gravferdsbyrå får dei nokre reaksjonar på at ein må vere abonnent for å sjå dødsannonsane.

– Det er delte meiningar om det. Enkelte forstår ikkje kvifor det ikkje er tilgjengeleg for alle. Men dødsannonsar bak betalingsmur er berre den naturlege forlenginga av slik det alltid har vore; at ein må betale for avisa for å sjå dødsannonsen, seier administrerande direktør, Jan Willy Løken.

– Alle dødsannonsar som publiserast nasjonalt, er tilgjengeleg for alle på gravferdbyråas nettsider.

Monica Hennum Steen skulle så gjerne via dødsannonsen vist heile verda kor mykje dei elska Martin.

– For meg er dette ei måte å vise ham respekt på. Og no får vi ikkje gjort det, seier Monica.