Hopp til innhold

Redningsmenn med klare råd for haustferien

I 2017 melde luftambulansen at talet på søk- og redningsoppdrag var nær dobla på få år. Sidan då har tala fortsett å stige, og nesten dobla seg – igjen.

Det gule ambulansehelikopteret med pilot, lege, redningsmann og klatrar sett kurs mot eit lite berg nokre kilometer aust for Ål i Hallingdal.

Dei er på veg ut til ein paraglider som har styrta, og som no ligg vanskeleg til på ei fjellhylle.

– Du har han rett ut klokka 10 her no, seier Stein Møller, klatrar i Norske alpine redningsgrupper (NARG).

– Ja, no ser eg han rett under oss – der ved svaet, seier pilot Erik Normann.

Stein Møller, klatrer i Norske alpine redningsgrupper (NARG). Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen.

Klatrar Stein Møller i Norske alpine redningsgrupper (NARG) ser på dei topografiske forholda rundt paraglideren som skal hentast ut.

Underhengende oppdrag med redning av paraglider. Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen.

Dagens oppdrag er heldigvis berre ei øving, og den uheldige paraglideren er lagd av plast.

Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen i Ål.

Helikopteret sett kurs mot toppen av berget for å starte evakuering.

Dei seinaste åra har luftambulansen, i likskap med fleire andre etatar, vore ute på stadig fleire søk- og redningsoppdrag.

Nær dobling i talet på redningsoppdrag

I fjor var talet på redningsoppdrag det høgste nokon gong, med 771 oppdrag. For berre tre-fire år sidan, i 2017, var talet 464.

– Det blir eit stadig større spekter av oppdrag, både medisinsk og redningsteknisk. Det gjer at me er veldig avhengige av å få trent, slik at me kan møte ulike utfordringar på ein sikker måte, seier redningsmann Arne Sveinhaug.

Pilot Erik Normann og redningsmann Arne Sveinhaug i Norsk Luftambulanse Helikopter.

Pilot Erik Normann og redningsmann Arne Sveinhaug i Norsk Luftambulanse.

Foto: Caroline Utti / NRK

Meir teknisk friluftsliv og større spekter av oppdrag gjer sitt til at også redningsmannskapa må dyrke eigne tekniske ferdigheiter, og samarbeide på tvers av ulike fagfelt.

I fjellsida, nokre meter ovanfor der paraglideren ligg, gjer klatrar Stein Møller klart for rappellering.

Stein Møller, klatrer i Norske alpine redningsgrupper. Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen.

Klatrar Stein Møller skrur boltar i fjellet, og sikrar ruta ned til pasienten nokre meter lenger nede i fjellsida.

Foto: Caroline Utti / NRK

– Me er jo profesjonelle kvar for oss, på fagfelta våre. Men så er det dette med samhandling då – det å få til ting saman. Difor føler eg det er viktig at me trener, seier Møller.

Så fort ruta er sikker, kan redningsmannen ta seg ned til pasienten saman med ein annan klatrar.

– Fem meter att, seier klatrar Lene Pedersen over sambandet.

Nokre få straksar seinare står ho nede hjå paraglideren, saman med redningsmann Sveinhaug.

– Det har auka jamt med redningsoppdrag over fleire år. Ser du nokon grunn til bekymring?

– Nei, eg er ikkje bekymra. Eg synest det er positivt at folk vil vera ute. Og dei oppdraga me får mest av er som oftast ganske vanlege uhell som ber preg av å vera nettopp det – uhell, seier Sveinhaug.

Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen.

Så fort pasienten ligg klar på båra, kjem helikopteret tilbake for å hente både pasient og redningsmann.

Foto: Caroline Utti / NRK

Haustferie og fjellvettreglar

Redningsmannen har like fullt ein klar bodskap til folk som vil nyte naturen, no som det går mot haustferie og etter kvart ein ny vintersesong.

– Fyrst og fremst bør folk følgje fjellvettreglane. I tillegg er det lurt å tenkje over eigne fysiske og mentale avgrensingar knytt til elementa ein skal bevege seg i – og leggje ei plan. Og så er det viktig å ha med seg telefon, og ha «Hjelp 113»-appen klar viss ein treng hjelp.

Øvelse med Norsk Luftambulanse, Torpomoen. Underhengende redning.

Etter ein lengre redningsaksjon er dagens pasient endeleg på veg heimover.

Foto: Caroline Utti / NRK

Hei!

Fekk denne saka deg til å stoppe opp å tenkje på noko, eller kjenner du deg att? Har du til dømes fått hjelp av luftambulansen eller redningsmannskap frå ein annan etat ein gong du verkeleg trong det?

Skriv gjerne til meg viss du har ei sterk historie å fortelje, eller viss du har tips til andre relaterte saker eg bør sjå på. 


Flere nyheter fra NRK Buskerud